Tellefeil

Share

I dag tidleg fekk eg spørsmål frå Ørnulf Hasla om eg kunne lage tolv rebusar til sendinga i Valle Radio.  Det kunne eg, men så kom landsmøtet i KrF minutt for minutt på TV. Eg vart sitjande fjetra framom skjermen heile dagen, så då Ørnulf ringde og purra klokka 18.30, hadde eg ikkje begynt.

Tema for rebusane skulle vere Juleførebuingar. Det var tidleg, tenkte eg, men etter kvart vart dei no ferdige. Men det synte seg at det var nokre tellefeil, så heldigvis var det hjelp å få frå Siri, Bitte og Tobbe slik at feila vart retta opp.

På Gardermoen var det ikkje tellefeil. Folk lurte på om eg var nøgd med resultatet der, men det var eg ikkje. Eg ville hatt fleirtal for Hareide si linje. Eg kjem ikkje til å melde meg ut, men eg ser at det er mange som vil gjere det for å markere at dei ikkje likte løysinga som vann.

Kveldens sending i Valle Radio baud på hyggelege samtalar med folk frå heile Setesdal, ja til og med ein nordlending og ein sirdøl kom med i praten. Du finn oversyn over kveldens program på Setesdalswiki, der finn du namna på dei som ringde inn:

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Fredagssending_i_Valle_Radio_20181102