Å hvor salig det skal blive

Share

Kveldens Postludium tona ut med Martin Pearson på orgelet i Skien kirke der han spelte Bjarne Sløgedals variasjoner over en folketone fra Setesdal. Teksten kom fra svensk, men melodien frå Setesdal sette eit fint punktum for ei variert sending.

Eg oppdaga at eg ikkje hadde artikel om Sløgedal på Setesdalswiki, men eg hadde skrive artikkelen om han på Wikipedia, så eg henta inn og omarbeidde artikkelen som stod der. Med tida vonar eg å få inn meir stoff i han, men i kveld laga eg og ein artikkel om den sangen som verket er bygd over.. Så det er råd å finne litt av kvart på nettleksikonet vårt.

Likevel er eg nok mest nøgd med endeleg å få på plass ein artikkel med overskrifter frå Setesdølen igjen. I heile perioden med ryggproblem har eg ikkje orka anna enn korte redigeringar, men i kveld tok eg meg på tak og kom gjennom det. Så får vi sjå om eg etter kvart får med meg det som eg manglar.

Tysdagssendinga i Valle Radio var variert både i tema og musikk. Samtalem med Kjell Bitustøyl om reindrifta i Setesdal gjorde at ein kunne ha lyst til å skaffe seg boka, her kunne vi nok få mykje interessant stoff frå ei side som ikkje er så veldig kjent. Samtalen med Linda Askeland i Åpne Dører ga grunn til ettertanke og takksemd for å kunne praktisere tru ope her i landet. Ho minna om at vi må be for dei som ikkje kan det.