Jolemessetid

Share

Så er det tid for den store Jolemessa på Rysstad igjen. I kveld var Tallak Hoslemo på telefonen i samtale med Ørnulf Hasla og fortalde om førebuingane til messa.

-Det er så lagleg med Rysstad soknehus, sa han, det ligg midt i dalen og det kjem folk frå Moisund til Bjåen. Vi skal ha ut over 600 gevinstar, så mange kan få noko med seg heim.

Tallak fortalde vidare at dei har tilpassa seg den digitale tida og selt lodd på Facebook. I alt hadde dei seld for 175.000 kroner på bok før messa starta, så i år kan det hende dei set ny rekord. Dei hadde seld så mykje at han ikkje  hadde meir att, så om folk ville ha lodd, kunne dei ikkje få hos han, etter det eg skjøna.

-No er soknehuset så flott pussa opp at det er ei fryd å vere der, meir plass er det blitt. Vi sel lapskaus og pølser, men kaffe og kake er gratis. Og så kjem Eivind Jåtun, han var tidlegare regionsekretær for region Sør, men er no regional leiar for Mongolia, Sentral-Asia og Nord-Afrika i NLM Utland. Tallak Hoslemo rekna med at han ville fortelje frå misjonsarbeidet. Sjølv har Jåtun vore misjonær i Kenya.