Mykje om brann

Share

Når Torleif Homme er i Valle Radio i programmet Kommunen informerer, er et alltid interessant å høyre på. Han kan stoffet sitt og har lang fartstid i kommunen, tidlegare var han teknisk sjef, men nå er han rådgjevar i teknisk avdelig. Om eg ikkje tek feil, er det rådmannen som er teknisk sjef.

Valle kommune er med i Setesdal Brannvesen IKS, så når det er tale om å kjøpe ny brannstasjon i Øyne, er det eigentleg IKS-et som kjøper den, etter det eg skjøna. Setesdal Brannvesen kjøper også ny brannbil til å ha på Rysstad.

Tysdag var det eit intervju i Setesdølen med varabrannsjef Egil Kvitne. Han kunne fortelje at no er alle fritisbustader også med i ansvarsområdet for Setesdal Brannvesen IKS. Det vart snakka litt om dette i programet, for mange hytter ligg jo ulagleg til når feiaren skal kome på besøk, og når han kjem, må eigaren vere til stades. I første omgang skal dei gå ein runde for å finne ut kva klasse dei ulike hyttene skal plasserast i. Sidan kjem feiiinga.

Og så kune Torleif Homme fortelje at det no er innført årleg avgift der ein før hadde avgift etter kvar feiing. Med årleg avgift blir beløpet det same kvart år i staden for at folk får ei stor rekning når feiinga blir utført. Det meinte han var ein fordel for alle partar.

Og så var dei innom Riksveg 9. Der er det visst håp om å få pengar alt i Statsbudsjettet til strekningen Besteland – Helle. Og så er det starta med å finne korridor for traseen på Flateland, det er jo ei nøtt for Rygnestad Flateland kulturlandskap går heilt til vegen, så ein må vel helst legge den på vestsida av noverande trase.