Ja-mannen

Share

Sjølv om han hadde problem med lastebilen etter at han var til Kristiansand for å hente eit lass torv, nådde Knut H. Rysstad akkurat å kome i Valle Radio sitt studio onsdagskvelden i den aktuelle timen.

Grunnen til at han var invitert, var fordi han fekk Mållaget sin næringslivspris for 2018 for god bruk av nynorsk i firmaet sitt. På facebook skriv han mykje på dialekt, fortalde han, men i firmaet brukar han nynorsk. Han berømma Åse Ingebjørg Flateland, som jobbar på kontoret, og reklamemannen på Sandnes, Tor Moseid, for god hjelp til å halde eit greitt nynorsk språk.

Rysstad Laftebygg lagar, som namnet seier, hytter og hus i laft, men også i reisverk. Firmaet overtok Valle Modellverkstad då eigarane i byen ikkje lenger kunne drive, der lagar dei buss-skur, badestampar, gapahukar og alt det ein elles kan tenke seg. Nynorsk profilering er inga ulempe, meinte eigaren, som såg på seg sjølv som ein altmulegmann i firmaet, men som etter kvart hadde fått mest arbeid på kontoret, sjølv om han likte best å køyre lastebil.

Det har han gjort i mange situasjoar, mellom anna tok han eit heilt stabbur på planet og kjørte opp bakkane til Furestøyl – det var ein transport som han frykta skulle ende dårleg, men som gjekk godt.

Og så er han initiativtakar til den store samlinga av lastebilar og anleggsmaskinar på Åraksøyne. Han kjem tilbake med eit liknande arrangement også neste år.

Gratulerer med Målprisen 2018!