Barnefotball

Share

I dag snakka vi med vårt barnebarn på Sunnmøre. Han hadde så vidt tid til å kome på Skype, for han var oppteken med Lego. Henrik er seks år og går i første klasse.

-Kva likar du best på skulen, spurde farmor Reidun

-Friminutt og fotball, kom det kjapt før han sprang tilbake til Lego-brikkene sine.

I går vart Setesdalsmeisterskapen i barnefotball arrangert i Vallehalli. Det var andre gongen denne turneringa vart halden, og heile 64 lag var påmelde, Det er trear-fotball, tre personar på kvart lag og minimål, så ein kan ha mange kampar samstundes i ein stor idrettshall. Det må det jo også vere når ein skal få til ei heil turnering på få timar.

Onsdagskvelden får du høyre meir om dette. Då skal eg ha ein prat med Geir Daasvatn om dette. Han gleder seg over engasjementet til dei små, deltakarane er mellom 7 og 12 år.

Øvrig program i den aktuelle timen er ikkje klart, men her er programmet for kvelden:

Onsdag 21. november 2018

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torfinn Brokke

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved biblioteksjef Kjersti Torbjørnsen
20.00 Aktuell time.
21.00 Temasending med Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken