Nytt bibliotek

Share

I kveldens sending i Valle Radio var biblioteksjef Kjersti Torbjørnsen med. Det nye biblioteket i Sæbyggjen har gitt henne grunn til å smile frå øyre til øyre, for det syder av liv heile dagen, ein dag i veka er det babysang klokka 9.30 med Anna Slaby, torsdag har ho også sangstund, då klokka 12.

Folk som aldri var på det gamle biblioteket kjem innom, det har blitt mange fleire lånarar og heilt annan plass til å stille ut bøkene. Mange kjem innom for å slappe av med ein kopp kaffe og avisa, no får biblioteket Fædrelandsvennen fast, det er også planen å fornye abonnementet på Dag og Tid og Morgenbladet og kanskje fleire andre aviser.

Og så er det mange arrangment, i morgon er det dokketeater klokka 13, laurdag er det også teater, men då er det i Spelestoga, for då er det jolemesse i Sæbyggjen.

Og så er det laga eit eige rom for Paal-Helge Haugen. Der samlar ein alt han har gitt ut og stoff om han, så om ein ville skrive masteroppgåve om han, kunne ein studere i rommet der.

Det flotte huset syder av liv frå morgon til kveld. Til våren kjem blioteksjefar frå heile Agder for å sjå på bygget, som på langt nær er ferdig teke i bruk. Det manglar hyller, så alle bøkene er ikkje flytta frå det gamle biblioteket til det nye. Av og til må ho springe over til det gamle biblioteket for å hente bøker som er etterspurd.

Det blir altså travle dagar, men Kjersti Torbjørnsen har litt hjelp frå folk frå Setpro som treng arbeidstrening. Og smiler. Ho får ikkje lese så mykje som ho ville, når ho kjem heim og set seg til med ei bok, sovnar ho gjerne i stolen med smil om munnen.