Sjakk

Share

I kveld fekk vi ein verdsmeister i sjakk. Magnus Carlsen slo Fabiano Caruana i hurtigsjakk etter å ha spelt 12 parti langsjakk som alle enda med remis. Men i kveld skulle det avgjerast og NRK hadde sett av heile kvelden til å fylgje med. I staden vart dei ferdige alt under Dagsrevyen, då hadde Magnus vunne tre av fire parti hurtigsjakk.

Det har vore god underhaldning på tv, folka i studio har god greie på sjakk og gjer det lett forståeleg for sjåarane. Av og til har Magnus teke trekk som eg har tenkt har vore fornuftige, då har eg tenkt at eg forstår litt av det han held på med, eg også.

I Valle spelte dei sjakk i ungdomsklubben for mange år sidan, då den var i det gamle Heradshuset. Seinare kom vaksenopplæringa inn der, og i mange år underviste eg i sjakkromet til ungdomsklubben. Dei hadde måla sjakkbrukker på veggen, men vi vart ikkje inspirerte til å spele i den tida eg underviste der.

Ettersom det altså var sjakk på tv som fanga meg i kveld, fekk møtet i Valle kommunestyre ein lyttar mindre. Resultatet av kommunestyremøtet finn vi nok i protokollen i morgon. Den er nok ikkje på langt nær så engasjerande som kveldens sending på tv. Men vedtaka kan bety mykje for dei som er omfatta av det som vart gjort vedtak om i kommunestyret i kveld, mellom anna når det gjeld tilskot til bønder for dyrking og bygging.