Boksemat

Share

Sjølv om det er flott å kunne lage ein tysdagskveld med folk i studio, kan det vere godt å nytte stoff som andre har produsert og som høver i radioen.

I kveld var det ein slik kveld i Valle Radio. Etter dei faste postane i starten kom Sangkveld, denne gongen med Country Gospel med Per Govertsen. Han seier i programmet at han er tilbake neste veke til same tid på denne kanalen, men vi brukar dette tilbodet bare sporadisk, Valle Radio sender jo ikkje døgndrift.

Deretter fekk vi ein fin reportasje i serien Dette er mitt liv. Det paret som var med i sendinga, hadde hatt eit noko omtumla liv, dei vart gifte, skilde seg, vart sambuarar att og sidan gifte igjen.

Til slutt var det postludium. Då fekk vi høyre orgelmusikk frå regionen rundt Bologna i Italia. Gamle orgel, nokre med stemming som ikkje er så vanleg i dag, men munter og fin musikk like fullt.

Du finn detaljoversyn på Setesdalwiki: https://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20181106

Denne veka er det litt maraton i radioen, for i morgon startar overføring av møte i Setesdal regionråd klokka 9 og så er det sending att klokka 19.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *