Meir boksemat

Share

Kveldens sending i Valle Radio var det Øyvind Jacob som hadde ansvaret for.  Informasjonen på førehand på Facebook såg slik ut:

Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Torfinn Brokke
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med rådmann Aud Sunniva Fuhr
20.00 Øyvinds time.
Gamle opptak frå NRK i 1975. Nokre av dei du høyrer her er bl.a. Tarald Nomeland, Tarald og Ingebjørg Homme Vegestog, Tore Kateraas, Hallvard O Kjelleberg, Rocky Mountains med Åsmund Åmli, Gudmund Åkre, Birgit Tveiten, Kjetil Rike og systrene.
21.00 Musikkprogram med Johs Bjørkeli

I ein kommentar på facebooksida til radioen kom det til og med ein respons. Det er ikkje ofte: Kåre Rike Gama å høyre desse opptaki frå 1975 ! Lokalradio på sitt beste !

Eg er jo enig med Kåre, dette var fint å høyre. Så fint var det at eg vart inspirert til å skrive om Tore Kateraas, han har eit kjærleiksforhold til Valle som er sterkt. Elleve år i kommunen, han fann kona si i Valle og han har hytte like bak Hylestad barnehage, så eg var nabo med han dei åra eg budde på Nomeland. Likevel hadde eg ikkje fått artikkel om han, sjøv om han også var med i Valle radio, ikkje minst hugsar vi han frå påskesendingar med Hallvard Kjelleberg.

Så eg tok ein telefon til han då programmet var slutt i kveld og fekk ein hyggeleg prat. Den førte til ein liten artikkel, men den burde nok vore utvida mykje, for i åra i Valle var han med på mange ting som vi nyt godt av den dag i dag. Men ein ting er å snakke om det, noko anna er å få det ned i ei leksikalsk form. Likevel er eg nøgd med artikkelen så langt, og eg vonar at du som lesar også synest den er grei nok.

Så er det jo slik at vegen vert til medan ein går, slik er det med Setesdalswiki også, litt etter litt veks leksikonet fram. Om fleire blir med i dugnaden, blir det endå betre, så om du har lyst til å skrive, er det bare å bli med.

Når eg kallar denne artikkelen for Meir boksemat, er det fordi vi ofte snakkar om opptak som boksemat i motsetnad når folk er i studio. Og denne kvelden synte kor godt boksemat kan vere. Honnør til Øyvind Jacob og Ørnulf Hasla som leita fram og redigerte opptak frå lenge før Valle Radio var påtenkt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *