Setesdalswiki har fått ei god blanding av nye artiklar til no i desember. Ikkje alle artiklane er lange, somme er kan hende svært korte, men truleg vil du finne noko du ikkje visste frå før i mange av dei om du går inn på dei og les. Dei seks første dagane i desember har det vore eit snitt på 462 besøk kvar dag og mest 2000 unike gjester.
Vi har fått fleire nye artiklar om utgjevingar av bøker, aviser og hefte:
- 6. des. 2018 kl. 17:33 Setesdal og setesdølar 2018
- 6. des. 2018 kl. 15:05 Setesdølen nr. 91, 2018
- 4. des. 2018 kl. 11:06 Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad
- 4. des. 2018 kl. 00:09 Jol i Setesdal 2018
Så er det kome fleire artiklar om folk. Dei politiske listene til kommunevalet 2019 har begynt å kome, og målet er å få på plass artiklar om dei som står på listene. Men også andre namn dukkar opp, til dømes som gjester eller komponistar eller forfattarar i Valle Radio eller omtalt i Setesdølen.
- 6. des. 2018 kl. 15:29 Willy Haugen (hist)
- 6. des. 2018 kl. 15:17 Wenche Robstad
- 4. des. 2018 kl. 11:45 Georg Joseph Vogler
- 3. des. 2018 kl. 09:51 Knut Eldhuset
- 2. des. 2018 kl. 20:41 Olav Eilivson Dale
- 2. des. 2018 kl. 20:09 Siri Olavsdotter Bø
- 2. des. 2018 kl. 19:53 Jørund Telleivson Bø
- 1. des. 2018 kl. 16:46 Anette Vranum
Datoartiklane er viktige i Setesdalswiki, dei fungerer som markering av hendingar.
Bedrifter og foreningar må vi også ha artiklar om::
- 6. des. 2018 kl. 16:05 Serio Ungdomssenter
- 6. des. 2018 kl. 10:57 Coop Prix Valle
- 3. des. 2018 kl. 11:23 Valle pensjonistforening
- 1. des. 2018 kl. 23:38 Sjukeheimar i Setesdal
Framleis er det mykje geografi som ikkje har fått artiklar enno, men her er dei som kom siste veka:
- 5. des. 2018 kl. 21:47 Geirustjørna (hist)
- 5. des. 2018 kl. 17:38 Lisle Krokevatn (hist)
- 4. des. 2018 kl. 15:09 Haukeli (Hornnes)
- 2. des. 2018 kl. 20:25 Bekkjerus
- 2. des. 2018 kl. 18:25 Apleknodden (husmannsplass)
- 2. des. 2018 kl. 18:06 Apleknodden
Av og til skriv eg om komponistar og sangar:
- 4. des. 2018 kl. 13:45 Den store kongen
- 4. des. 2018 kl. 13:26 Stockholm Singers
- 4. des. 2018 kl. 12:23 Hosianna, Davids son
Setesdalswiki prøver også å dokumentere program i Valle Radio. Her er noko av det som kom desse første dagane av desember:
- 3. des. 2018 kl. 17:22 Onsdagssending i Valle Radio 20181205
- 3. des. 2018 kl. 17:00 Tysdagssending i Valle Radio 20181204
- 3. des. 2018 kl. 15:11 Postludium – «Gratulerer med 100 års sjølvstende, Finland!»
- 3. des. 2018 kl. 15:08 Siri tenker på «Fridom»
- 3. des. 2018 kl. 14:58 Kva er «Hjemmante’» for Siri?
- 3. des. 2018 kl. 14:54 Siri treng «fleire par raggsokkar»
- 3. des. 2018 kl. 14:37 Siri tenker reisetankar
Eg er rimeleg sikker på at du i denne lista finn noko du ikkje visste før du fann det på Setesdalswiki. Og det er bare produksjonen av nye artiklar ei lita veke. I tillegg er gamle artiklar oppdaterte og utvida. Bli gjerne med i dugnaden og skriv på Setesdalswiki, du også. Det er ikkje så veldig vanskeleg, og er det noko du lurer på, kan du ta ein telefon til meg og spørje, så skal eg prøve å forklare så godt eg kan.