Førjulsbesøk

Share

I kveld vart stova vår heilt full. Frå Nittedal kom familien Lyckander og frå Sandøya kom Margunn og Stein. Kristine er handballkeeper på Nittedal sitt handball-lag, Nit-Hak jenter 16, så vi måtte få med oss kampen mellom Frankrike og Nederland. Det var jo rått parti med alle franske som heia på heimelaget.

Men så slo vi av tv-en og fekk oss ein triveleg prat om laust og fast, slik det er i ei fjørjulstid når ein møtest etter lang tid på ulike plassar. litt planlegging av morgondagen var og naturleg å ta i kveld.

Det har blitt ein tradisjon å ha eit slikt førjulsbesøk, for familien i Nittedal feirar jul heime. Denne jula skal Margunn og Stein til Valderøy og feire saman med Sigmund og familien, så det blir jul med Helge på besøk hos oss. Men han dukkar ikkje opp før sist i neste veke.

Reidun har hatt julegavepakking på lista si ei stund no, ho skriv begge namna våre på lappane, men sjølv har eg hatt ein rolle som konsulent. Julegavekonsulent, det erjo ein tittel ein kan smykke seg med i desember, men knapt elles i året. Då får nok pensjonist halde.

Men skattekort, det har eg fått!