20 spørsmål

Share

Med til jula hos oss høyrer også spørsmål frå ulike spørjebøker eller frå blad og aviser. Ein les spørsmåla, dei andre prøver å svare og det er ganske imponerande kor mykje ein kan kome fram til ved felles innsats.

Fædrelandsvennen hadde eit eige spørsmålsbilag onsdag 20. desember. I kveld tok vi dei 20 første sprsmåla, fire temagrupper med fem spørsmål i kvar, og det fungerte i år også. Elles er det spørsmål i Vårt Land kvar dag og ei heil side på laurdagar, så vi kan skjerpe dei små grå og trimme hjernen med aktuelle spørsmål utan å gå til spørjebøker dei første dagane.

Om Margunn hadde vore her, hadde vi nok også prøvd oss på Den store julereisen, men i år var den trykt med kvit tekst på svart botn, og det er ikkje så lett å lese, så vi droppar den nok i år.

Eitt år hadde eg spørjekonkurranse på Setesdalswiki. Men det er ikkje så lett å lage ein slik konkurranse slik at ein må vri dei små grå for å finne svaret. Søkefunksjonen finn det meste, så om eg skulle lage spørsmål,, måtte dei vere forma på ein indirekte måte.

Så slår tanken meg medan eg sit her og skriv. Eg kan jo ha Dagens spørsmål her på bloggen. Du som les bloggen, kan svare på Setesdalswiki si Facebookside. Premien er gleda ved å finne svaret.

Dagens spørsmål:

Ein IT-konsulent i Kristiansand var medlem av kommunestyret i ein av Setesdalskommunane. Kven var det?