Upp gledjest alles|

Share

Ein av songane i kveldens sending i Valle Radio var Upp gledjest alle med Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø.  I det heile var det mykje fin musikk mellom innslaga eg fekk med meg i kveldens program, som såg slik ut: 

Sending lisle jolekveld starter i Valle sentrum kl.17.00
ca. 18.15: Tankar frå Bibelen med Håvard Viki, Torleif Harstad, Torfinn Brokke og Bjørgulv T Berg
19.00 Musikktime med med Johs Bjørkeli
ca. 20.00 Opptak frå studio med Britta Lise Homme og Ørnulf Hasla.
Samtale med Gunnbjorg Mikalsen Åmli i Florida, Knut Flateland på plattform i Nordsjøen og Kent Vidar Helle Vorland som til dagleg bur i London.
21.00 Helsing frå ordførar Steinar Kyrvestad.

Takka vere facebooksida til radioen fekk eg med meg dette. Men i tillegg til desse var det også innslag med mang andre, då helst bare snuttar på 10-20 sekund. Eg vart jo noko overraska då min gamle kollega Øystein Berg også var med, for han sa til meg mange gonger at ingen skulle få han i radioen.

Dessverre fekk eg ikkje med meg trekkinga i julelotteriet, men Torfinn Brokke som las En julefortelling av Tolstoi fekk eg med meg, likeså litt av Johs. Bjørkeli sin musikktime og helsinga frå Steinar Kyrvestad.

For at sendinga skulle kome på lufta over FM, måtte ein sendar skiftast ut i dag, og teknisk sjef Jørund Georg Jore ordna det i føremiddag. Det var også han som var teknikar for sendinga. Kan hende song han Upp gledjest alle, då jobben var gjort.

Dagens spørsmål:

Kva heiter fjellet som er nesten 1270 moh og har sendar for Valle Radio?