Lokalradioens fremtid

Share

Medietilsynet har fått i oppdrag av Kulturdepartementet å kartlegge grunnlaget for en eventuell forlengelse av lokalradioenes konsesjoner på FM etter 2021. Stortinget har tidligere besluttet at de fleste lokalradioer på FM fikk forlenget sine FMkonsesjoner ut 2021. Siden det var Stortinget som besluttet å forlenge lokalradiokonsesjonene ut 2021, er det også Stortinget som må ta stilling til en eventuell forlengelse.

– Departementet har bedt Medietilsynet utarbeide en rapport som skal brukes som beslutningsgrunnlag når spørsmålet om eventuell ytterligere forlengelse legges frem for Stortinget, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i en pressemelding.

De skal blant annet kartlegge økonomi og status for digitalisering.

Dette fann eg i Lindesnes Avis i dag. Artikkelen handla om at nærradioen i Mandal hadde blitt overteken av Radio Metro i Kristiansand, men at radiobingo ikkje gav inntekt nok til at dei ville halde på med det vidare. Dermed var det ope for lokale entusiastar til å starte ein ny radio, Radio Agder. Den skal sende på Radio Metro sin frekvens på kveldstid tre dagar i veka.

Då kjem dei til å ha radiobingo måndagskveldane og Seinkveld i sør på laurdagskveldar. I tillegg har dei programpostar som  «Country saloon» og «Mye om mangt» annankvar onsdag.

Mine refleksjonar omkring dette går på at det ikkje ser ut til at Lokale nyheter er særleg høgt prioritert. Å bare lage radio  utan nyheter vil etter mi meining vere for lite, det må ein solid dose med nyhetsstoff til for at folk skal oppleve det andre som godt. Ein skulle tru det var nok å ta av i området som radioen vil dekke, i alle fall om ein samanliknar med Valle Radio, som har langt færre innbyggjarar i næraste nedslagsfeltet, men som likevel klarar å få til ein time med nyheter kvar veke.

Det blir spennande å høyre om dei klarar å drive radioen i 2019. Lokalradio har sin store styrke i at ein kan lage aktuelt stoff og gje intervjuobjekta tid til å framføre det dei har på hjarta.

Dagens spørsmål:

Kven er redaktør i Radio Evje?