3000 bilder

Share

I dag lasta Geir Daasvatn opp bilde nr. 3000 på Setesdalswiki. Han skriv:

“LES og VEX”
I dag la eg inn mitt bilete nr. 3.000 på Setesdalswiki. Det begynner å bli ei lita samling. Biletet er av Myrstålmyrbua på heia til garden Lauvland sør i Evje. På Lauvland vaks utanriks- og statsminister Jørgen Løvland (1848-1922) opp, på bruket “Der nede”. Som dei andre gutane var han hjuring i oppveksten, og var oppe på heia med dyra. I ein vegg på bua på biletet skar han inn det som blei eit motto for han – “Les og vex”. Eg trur det skjedde då han var rundt 13 år gamal. Han skal ha lese uttrykket i “Dølen”, bladet til Aasmund Olavsson Vinje. 


Turen for å få tatt biletet var litt meir strevsam enn vanleg; eg ramla oppi ein bekk på vegen  Men heldigvis med beina først! Det var iskaldt å gå vidare i eit par kuldegrader og blaut til langt opp på låra. Men eg orka ikkje køyre heim att for å skifte tøy. Det var uansett ein bagatell, for som biletet syner var det ein aldeles strålande vinterdag på mine trakter. 


Det er veldig moro å skrive på Setesdalswiki, anten det er frå Bjåen heilt nord i Setesdal eller frå Lauvland på grensa mot Iveland i sør. Så prøver eg å illustrere kvar artikkel med eit bilete. Då blir det liksom litt meir interessant med teksten også. Eg lærer mykje nytt om dalen sjølv på denne måten, og blir mykje betre kjent enn eg ellers ville ha vore. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *