Takk for det gamle året

Share

Når vi no går inn i eit nytt år, vil eg først takke for det gamle året. Heller ikkje i år vart det eit nytt innlegg kvar dag, men du som les bloggen min, har vore gjennom ganske mange innlegg om du har fått med deg alle.

Bloggen min er på ingen måte den mest leste i Norge, til det er den for smal der den konsenterer seg om Valle Radio med nokre avstikkarar til personlege opplevingar no og då, særleg når det ikkje er så mykje aktivitet i radioen.

Som vanleg nyårskvelden fekk eg med meg Kongens nyttårstale. Han siterte Salomos ordspråk: «Bevar ditt hjerte framfor alt du bevarer, for livet går ut fra det.» 

Det er eit sitat som eg har kjent heilt frå ungdommen av, og i kveld fekk eg fire måtar eg kan gjere det på. Kong Harald spurde:

Så hvordan bevarer vi hjertet vårt?

Vi gjør det ved å være vennlige mot hverandre.

Ved å føre en respektfull samtale på tross av uenighet.

Ved å løfte andre frem.

Vi bevarer det også når vi gjenkjenner et medmenneske i en fremmed.

Eg vonar at du som les bloggen min, opplever noko av det han trekte fram når du les det eg skriv: Vennlighet, respekt, å løfte andre fram. For det er viktig. Så får det vere at bloggen kan hende er litt lite skarp og kritisk, eg har eit ønske om heller å løfte andre fram enn å trø dei ned.

Kong Harald nemnde fire yrkesgrupper spesielt i kveld:

Dere som står i tjeneste for Norge i andre land.

Alle helsearbeidere som gjør sitt ytterste for å gi god og omsorgsfull pleie.

Alle lærere som hver dag går til arbeidet sitt med både tanke, øye og hjerte for den enkelte elev.

Alle servicearbeidere som bestreber seg på faglig og vennlig betjening.

Som pensjonist utan reiseplanar er det nok særleg punkt 2 og 4 som er relevant for meg. Helsearbeidarar som gir god og omsorgsfull pleie og vennlege og faglege servicearbeidarar. Erfaringa er at om ein møter vennlege folk, får ein det att.

Når eg skriv dette, går nyttårsrakettane til vers. Eg seier: Takk for det gamle året 2018, ikkje minst til dykk som saman med meg prøver å skape eit rikhaldig leksikon for Setesdal, men også til slekt og vener eg har hatt kontakt med gjennom året som gjekk. Sjølv held eg meg heime, så du er velkommen innom om du skulle kome på desse kantar i det nye året.

Dagens spørsmål:

Kven var Setesdalskjempa?