90.000 artiklar

Share

I dag runda vi ein milestein då Siri Johannessen la inn artikkel nr. 90 000. Den handla om Piet Kee, ein nederlandsk komponist og organist. Det var altså ikkje ein setesdøl, men ein nederlendar som fekk artikkel med rundt tal denne gongen. Setesdalswiki har ikkje bare artiklar om folk frå dalen og dei indre bygder, men også om folk som er til dømes utøvarar i Valle Radio, og ettersom Valle Radio er den einaste radiokanalen i Norge med faste orgelprogram, dukkar gjerne utanlandske komponistar og organistar opp i våre artiklar. Ofte er det ikkje informasjon på norsk om desse, så dersom folk googlar dei, vil dei lett hamne hos oss. Kan hende dei då les andre artiklar på Setesdalswiki når dei først er innom nettstaden. I tillegg syner det seg jo at sjølv om vi skriv regionalt og lokalt, er det mange tilknytningspunkt til nasjonalt og internasjonalt, og desse er det fint å peike på.

Sist gong eg skreiv på Såpekassen, hadde vi 89 700 artiklar. Det var 9. september 2018. Vi brukte altså vel tre månader på 300 artiklar. Forrige tusental runda vi 15. mars 2018. Ved inngangen til 2018 hadde vi 88 702 artiklar, så til no i år har vi fått 1298 nye. Tilveksten i fjor var på 1790 nye, men det var rekord, normal tilvekst ligg nok heller på om lag 1400. Takk til Siri for artikkelen som gav nytt rundt tal så vel som artiklar om andre komponistar og organistar (og alt anna).

Kveldens sending, tysdag 11. desember 2018 i Valle Radio hadde desse innslaga:

18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein om tilgivelse
18.15 Over ein open Bibel med Svein Anton Hansen frå Norea
18.30 Aktuell time
*Tom Teien, forlagssjef i Lunde forlag
*Ellen Jansen om englar
19.30 Musikktimen
*Kim Rysstad om plateslepp og musikk
*Adventsmusikk
*Postludium med Niklos K. Besteland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *