Blinkande lys

Share

I denne førjulstida er det ange som monterer blinkande lys på tre ute i hagen. Eller, om dei ikkje blinkar, så lyser dei i det minste. Det er fint i mørketida, som jo dekker det meste av døgnet no, til og med her på Sørlandet.

Vi har ikkje blitt med på det kjøret som ein kan lese om der folk brukar tusenvis av lampar for å lyse opp i førjulstida. Men i år vann Reidun ein liten juledekorasjon i starten av desember. Den var litt stor og det var litt tidleg å ha den inne, så den fekk plass på bordet på terrase. Den hadde ei lyslenke rundt tre-forma, så det såg ut som eit lite juletre.

Det synte seg at den var tenkt til å vere innandørs, å då det kom væte på batteria, slokna heile dekorasjonen. Den let seg knapt reparere med nye batteri, så enden på visa vart at Reidun gjekk på Europris for å finne ei ny lenke. Men der hadde dei bare att lenker som var åtte meter, den var altså alt for lang for den lille dekorasjonen på bordet, så i helga la Stein den ut på hekken i hagen.

Det synte seg at den hadde ein timer, den lyste i åtte timar, så kvilte den i 16, då vi oppdaga det, vart den stilt inn slik at den starta å lyse i fire-tida, og så slokna den ved midnatt. Det vart både fint og stemningsfullt.

Inne er det ikkje særleg stemningsfullt med blinkande lys. I fjor til jul fekk vi ei LED-lys mor-datter-lampe, men i går, då Reidun skulle sette den på, var ho full av statisk elektrisitet, så då gjekk den over til å blinke. I dag døydde den heilt. Korleis vi skal reparere noko slikt, er ikkje godt å seie. Kan hende må vi klare oss med bare dotter-delen av lampa i jula.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *