Glatt

Share

-Det blir glatt i innlandet i morgon, sa Jon Gelius på lokalsendinga i kveld

Han kunne like godt sagt at det er glatt ved kysten i kveld.

Like før Dagsrevyen høyrde vi at det bråka utanfor huset.

-Skyt dei? spurde eg Reidun

Vi skulle akkurat setje oss til bords for å ete andre lutefiskmåltidet i år.

-Det er visst ein bil utanfor, sa ho og gjekk i døra for å sjå.

Det synte seg at ein bil hadde kome ned bakken dei kallar Eskelandskleiva, mista festet og sklidd utfor vegen helt borte ved kjerreskjulet vårt, dansa vidare over plenen nede ved plommetrea og kirsebærtreet, med naud kome seg opp på innkjørsla til naboane våre, så vidt unngått postkassestativet vårt, sklidd vidare på plenen og treft søppelboksen vår som står mellom garasjen og min bil. Så vidt vore borti min bil på høgre sida (at det var plass til ein bil der, er det knapt råd å skjøne).

Reidun måtte hente nøklane til min bil og bakke den bort, så den andre kunne kome ut att. Den hadde punktert på høgre framhjul, så han måtte fram med reservehjulet og skifte i lyset frå utelampa vår Delar låg strødde på plenen etter turen på glattisen.

Ein halv time seinare sat vi og åt lutefisk på kjøkkenet. Då kom ein bil ned bakken, den mista også festet, hamna nede ved kirsebærtreet, men hoppa opp på vegen att og heldt fram utan å stoppe.

Mildveret i morgon blir bra ved kysten, men det er grunn til å minne alle som skal til Hovden på at det er lite som skal til før ein misser kontrollen på glattisen.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *