Heime igjen

Share

Så er Reidun heime igjen etter turen til Sandøya. Heimvegen måtte ho ta om dei indre bygder i Aust-Agder, for det var problem på E18 etter det eg forstod. Dei indre bygder hadde snødekte vegar, men mindre trafikk ettersom sør- og nordgåande kjøretøy fekk ulik omveg. Dermed gjekk det heile over på beste måte.

Då ho dukka opp ved tre-tida, var det innspurten i Sjakk-VM. Programmet har halde meg klistra til skjermen i heile romjula, og i dag sa dei at det er nesten eit år til neste gong det er sjakk på NRK. Eg synest dei kunne prioritere andre turneringar i sjakk også, Magnus Carlsen, som vann i dag, sa at han skulle spele turnering i Nederland 12. januar, så det vart ingen ferie.

Eg tok meg ein pause då det heile var over, men etter Dagsrevyen var det ein gjennomgang av versituasjonen i 2018, eit år der vi har hatt mykje ver. Her på sydspissen har vi sluppe billeg unna samanlikna med kva andre har opplevd av elver som fløymer over og jordras og eg veit ikkje kva, så det er godt å få sett litt perspektiv på situasjonen. Så får det våge seg at vi var tre dagar utan straum etter stormen Knud.

No melder dei storm og mykje nedbør i nyårshelga, i alle fall på Vestlandet. Det får så våge seg om ikkje rakettane får så god høgde om dei ikkje skapar brannar der folk må gå frå hus og heim eller skader på auge eller andre kroppsdeler, slik vi såg i eit innslag i Dagsrevyen.

Det har blitt lite skriving på Setesdalswiki i Romjula for min del, men kan hende blir det meir på nyåret

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *