Ikkje som tenkt

Share

I går skreiv eg at det neppe kom til å bli snøkaos på vegane i år, men meldingane i dag tyder på noko anna. Alt frå tidleg på dagen kom det meldingar om problem i Aust-Agder, mange var utan straum og tre la seg over vegen. NSB hadde ikkje sin beste dag på Sørlandsbanen, vi fekk bilete fleire gonger av ein mann med sigarett i munnen som ikkje hadde mange godord å seie om jernbanen.

Sjølv sat vi og var glade for at Helge kom i går, då var det ingen problem med toget. I dag tidleg droppa han tur til Sørlandssenteret og handla heller jolegåver i Mandal og Reidun ordna jolehandlinga før det kom snø her, så då det la seg to cm snø og naboen sin brøytebil for lengst hadde teke ut, då var dei heime att og kunne starte å lage julekaker. Sjølv tok eg ein strekk, eg seier som ein som og var på tv då han vart spurt om han hadde handla julgåvene: Eg har folk til slikt.

I kveld fekk eg med meg eit fint program på NRK2 om julesangen Glade jul, Stille Nacht som den heiter på tysk. Det var interessant og gjekk bak historia som vi ofte har høyrt om mus i orgelet og trongen for ei vise som kunne spelast på gitar. Slike program kunne vi godt hatt fleire av i denne førjulstida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *