Julesong-rebusar

Share

Til kveldens sending i Valle Radio hadde eg laga julesongrebusar. Ørnulf bestilte 12, men han kom bare gjennom halvparten, for han fekk små samtalar med innringarane.

Her er rebusane som vart nytta og løysingane:

1. På låven sitter nissen

Preposisjon +driftsbygningen + kviler rumpa + tomten
2. Det lyser i stille grender
Bestemt artikkel + skinner + preposisjon +rolige + utvekst på tre + ikke her
3. Glade jul
Lykkelige + høytid
4. Du grønne glitrende tre
Ikke jeg + umodne + strålende + tall
5. Å jul med din glede
Infinitivsmerke + høytid + ikke mot + ikke min + lykke
6. Så går vi rundt om en enerbærbusk
Konjunksjon + vandre + preposisjon + ring + ikke innhold i + artikkel + tresort
 
7. Deilig er den himmel blå
Nydelig + presens + artikkel + motsatt av jord + farge
Den siste kom det ingen telefonar på, og da nytta han høvet til å trekke ut vinnarar. Dei som ringde inn og vinnarane finn du her:

Før den opne sendinga hadde Øyvind Jacob ansvaret. Programmet var slik:

Ansvarleg Øyvind Jacob
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt Silje Bratteland
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer der vi bl.a. presenterer den nye fysioterapauten Ida Rosseland
20.00 Øyvinds time.
– Gamle radiosendingar frå NRK om Setesdal. Denne gong om gamle joletradisjonar. Programleirar Sigmund Skomedal og Gunnar Stubseid. Medvirkande er Lars Rysstad, Gro Heddi Brokke frå Rysstad, Ingebjørg Lande frå Bygland, systrene Birgit Tveiten, Ingebjørg Sandnes og Vilborg Homme frå Valle, Håvard Byklum og Margit Holen frå Bykle.
– Opptak frå opninga av Coop Prix i Valle 6.des

Eg kommenterte dette på Facebooksida til Valle Radio:

Fin løysing på kommunen informerer. Oftare burde ein presentere nye folk i den halvtimen, og slik det vart gjort i kveld, ga oss eit interessant møte med den nye fysioterapeuten. Innslaget frå opninga av Coop Prix Valle var også godt og dei historiske glimta ikkje mindre. Takk for variert sending

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *