Minner

Share

I kveld sat vi og mintest korleis veret har vore i adventstida i tidlegare år. Eg hugsar jo tilbake til åra på Stokmarknes der vi laga Høstens Hadseluke med aktivitetar og ikkje minst Havets Koldtbord under mottoet Lysglimt i mørketiden. Havets Koldtbord var noko for seg sjølv, eg hugsar enno 20 variantar av sursild, rekesalat med ananas, breiflabb og ikkje minst hai på bordet.

Men eg skal ikkje dvele ved det no, for vi snakka om korleis vi hadde opplevd å dra på jolehandel når det kom snø i hardaste førjulstida. Eit år stod vi i fire timar på veg opp til Sørlandssenteret, vi nådde fram like før dei stengde og kom oss på do, men nokon handel blei det ikkje.

Heldigvis ser det ikkje ut til å bli slik i år. Eg likar best når snøen er ferdigmåka, og i år har det vore bra slik. I periodar er det rett nok så mykje at det renn som ein bekk over vegen utanfor oss, for grøfta klarar ikkje ta imot alt, men kom det som snø og vart liggjande, ville det bli som året vi gifta oss. Då var brøytekantane halvannan meter.

Ein gong Reidun og Margunn var på veg til Mandal, var det så sterkt snødrev at dei såg ikkje frå ei brøytestikke til den neste. Dei sat med ope vindauga i bilen for å sjå, for snøen la seg på vinduspussarane så det var vanskeleg å sjå klart. I morgon tenkjer Helge å ta ein tur til Sørlandssenteret, det ser ut til å bli regn og sludd, men ikkje meir, så han håpar at det går greitt. Fredag før jul er nok den største handledagen, i alle fall den største bulkedagen etter det dei seier, så ein kan jo oppmode folk til å vere forsiktige, sjøv om det neppe hjelper når uhellet først er ute.

God innspurt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *