Nye folk

Share

Av og til seier eg til meg sjølv at eg gjerne skulle skrive om anna enn folk på Setesdalswiki. No er det tid for politiske lister og for å skrive om folk som står på listene. Men eg tenkjer på alle andre ting ein kunne skrive om.

Problemet er bare at eg ikkje har tilgang til så mykje kjelder no som då eg budde i Setesdal. Då kunne eg gå innom på biblioteket om det var noko eg lurte på eller kanskje til og med finne boka eller publikasjonen som hadde informasjon.

På den andre sida må eg ikkje sjå meg blind på alle gode kjeldene eg har tilgang til, ein finn kjelder til det meste på nettet om ein leitar litt.

Dei siste dagane har Setesdalswiki fått artiklar om Knut Eldhuset og Ånund Eldhuset. Det er også pussa litt på artikkelen om far deira, Hallvard Eldhuset. Truleg kan vi også få artikkel om Kattedalsbekken i Åraksbø, der hadde Knut vasshjul som gutunge. Kan hende skriv han også om Kattedalen, eg lurte i alle fall på kvifor dalen fekk det namnet.

Slik sit ein og les og vex, som Jørgen Løvland sa det. Sjølv om Setesdalswiki no snart rundar 90.000 artiklar, har vi bare så vidt pirka borti alt det er å skrive om når ein tek for seg det som er relatert til Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *