Sjakk

Share

I dag starta VM i hurtigsjakk og då vart eg sitjande og sjå på det, det vil nok fylle mykje av tida og engasjementet i romjula. Sjølve spelet er spennande og kommentarane er til å få forstand av, så det er god tv etter mi meining.

Men TV2 sende fotballkampen frå Manchester United, og eg svinga innom der så vidt og fekk med meg første målet. Det er rart, når ein nordmann er med, då blir ting meir interessante enn elles. Og når det gjeld Solskjær så fascinerer det at han som var publikumsyndling som spelar får ein slik rolle og ser ut til å fylle den.

Men det vart likevel mest sjakk. Eg vart utfordra av Nikolai til å spele eit parti mot han ein gong og han slo meg, så stormester blir eg ikkje, men eg får til så pass at eg skjønar reglar og kan sjå mulege trekk. Då er det moro når spelarane gjer som eg tenkjer.

Og sanneleg kom det ikkje ein julespesial av Nytt liv i East End i kveld, det er ein serie som eg fann mykje glede i då den gjekk på TV. Så no sluttar eg å skrive på bloggen for i kveld og går over til å sjå den.

Dagens spørsmål: 

Kva heiter turisthytta som har 22 plassar og ligg i Setesdal Austhei?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *