Foreningsliv

Share

Annankvar veke går Reidun i forening. Då sit eg heime og funderer på litt av kvart.

Men ho er med i eit miljø som ser ut til å bli mindre med åra. Før var det foreningar for så mange misjonar og ideelle organisasjonar at ein skulle ikkje tru folk hadde tid til så mykje. Men no, når tidene er langt betre enn dei var, så minkar foreningslivet.

I staden for å løfte i flokk i ei forening, blir vi meir individualistiske. Dei organisasjonane som baserte mykje av drifta på bidrag frå foreningane, slit, både Normisjon og Det Norske Misjonsselskap, NMS, har hatt store underskot dei siste åra, for å nemne nokon. Dette har vi kunna lese om i Vårt Land i januar.

I tillegg kjem alt vi ikkje får lese om. Sjølv arbeidde eg i fire år i Den indre sjømannsmisjon og var på mange foreningsbesøk. Men den organisasjonen er sterkt redusert, og vekebladet dei gav ut, som eg var redaktør for, er redusert til månadsblad og opplaget svært mykje mindre.

Å delta i forening har verdiar som ikkje kan målast med VIPPS, Den faste kollekten kan ein vippse, men fellesskapet mellom dei som er med i foreninga, det skapast når folk kjem saman. Difor kjem kona mi oppløfta heim etter ein kveld med dei andre damene i Norma kvinneforening i Mandal. Dei har delt  Guds ord, men dei har også delt eit sosialt fellesskap og inspirert kvarandre til dagar som kjem.

Om det er råd å snu trenden og få fleire foreningar, er ikkje sikkert. Men for dei som held saman, betyr det mykje å nettopp gjere det, halde saman. Det er foreningsliv.

Peiskos

Share

Peiskos var svaret på den første rebusen i Valle Radios Open sending i kveld. Ronny Stavsholt hadde ansvaret, og då ingen andre hadde ringt inn, kasta eg meg på telefonen og fekk ein prat med han. Vi har peis, men ikkje peiskos, for det er mange år sidan den var godkjent av brannvesenet. I staden har vi god fyring i ein vedomn med kokeplate, det er nyttig når straumen går.

Som du ser har eg kome meg i skriving att etter at laptopen min tok kvelden. Med god hjelp frå Helge kom den frå Komplett til Coop Prix på Malmø i Mandal i dag. Deretter var det å gå gjennom oppstartrutinar, og så var eg i gang att. Med Windows installert prøver Microsoft så godt dei kan å binde meg til deira system, men med Helge si hjelp fekk eg installert Chrome og fekk så lik skjerm som eg kunne i høve til den gamle. Men tastaturet er litt ulikt, særleg valdar Enter-tasten meg bry. Det kjem seg nok etter kvart.

Her er programmet for kveldens sending i Valle Radio, ettersom eg fekk maskinen i dag, kunne eg skrive det inn på Setesdalswiki i kveld:

Onsdagssending i Valle Radio 20190130

Share/Save/Bookmark

Onsdagssending i Valle Radio 20190130 er sida til programmet i Valle Radio onsdag 30. januar 2019Ørnulf Hasla var programleiar, Liv Gunn Viki teknikar, Solveig Rysstad og Jorunn Helle var telefonvakt frå klokka 20.30.

Program

19.00 Tankar frå Bibelen

19.30 Kommunen informerer

  • Med rådmann Aud Sunniva Fuhr

20.00 Ørnulfs time

21.00 Opi sending

Sjølv fekk eg med meg det meste av Ørnulfs time. Men han konkurrerer med Linda Eides språkshow på tv, så før det sluttar, er det ho som fangar meg som oftast.

Tusen takk

Share

I kveld vil jeg si tusen takk til vår nabo Frode Holte. Han har en firehjuling med brøyteplog, det er nødvendig, for han har et par hundre meter fra hovedveien til huset sitt. Dermed må han brøyte sin private vei som går gjennom tunet vårt.

I dag svingte han innom og tok bort snøen i vår oppkjørsel også, det var en stor glede for oss. Våt snø er tung, så det hadde blitt en stor jobb å ta den bort med snøskuffe og manuell kraft. Men når jeg tenker på det jeg hørte på Kveldsnytt i kveld om at de i Svolvær og Lofoten fikk opp mot to meter snø, så er jeg takknemlig for at vi bare fikk 40 cm.

I det hele tatt skapte snøværet denne helga en del problematiske situasjoner. En annen nabo her på Eskeland var bortreist, hele familien. De har en lang vei opp til huset, men etter hvert ble også den brøytet, så jeg tror de kunne komme seg helt hjem uten å ta føttene fatt. Da var det verre for mitt søskenbarn, Brit på Varhaug. Hun skrev til meg i morges etter at hun og mine søsken hadde vært sammen på Sola i går kveld:

Huttetu, for eit ver. Snøkaos i går då me skulle heim frå Sola. Til lenger sør me kom, til verre vart det. Vart sitjande på Lerbrekk i lange tider. Der er det alltid kaos. Mykje bilar i begge retningar. To timar frå me køyrde frå Sola til eg var heime. Måtte gå frå venne, den siste kilometeren inn. Hadde heldigvis gode sko, og vinden i ryggen, men det bles rett gjennom kleda, og vanskeleg å ikkje gli i vindkasta. Strømpebuksa, heldigvis ull, var full av snø, så eg måtte få den av meg og henge den i dusjen. Kåpe-jakken var og full av snø på ryggen. Kom meg heldigvis heilskinna heim, men fekk ikkje sove. Godt å vera frisk og sprek, spesielt sånne gonger. Nei, snø er noko drit. Den kan dei ha på Austlandet. På Jæren vert det berre kaos.

Tvilar på det vert råd å kome seg ut i dag. Er invitert til Obrestad, men har ikkje ikkje lyst å ta ut. For det første må nokon måke vegen, og for det andre må eg måke meg ut her. Tek det til å snøa att, nei, det er for usikkert.

Du kan vera glad som ikkje reiste, sjølv om me sakna dykk, og me hadde ein gild kveld.

 

Vi avlyste

Share

I går skreiv eg at vi vurderte å dra på tur til Sola. Men i dag såg vi på ver og vermelding og fann ut at vi avlyste turen. No i kveld fekk eg ei melding frå syster mi som bur i Lyngdal. Dei reiste og hadde ein flott tur bortover.

Men heimturen vart ikkje som dei hadde håpa. Ho skriv: Snudde på Runaskaret. Snø og vær koker, ingen sikt, vi torde ikke mer. Så dei måtte finne overnatting på Ålgård og heller prøve att i morgon.

Vi tenkte mykje på om vi gjorde rett når vi avlyste. Men etter å  ha fått denne meldinga, trur eg vi gjorde rett. Det hadde vore hyggeleg å møte søskena, men det var jo ikkje nødvendig, og då bør ein vurdere litt ekstra og ikkje utsette seg sjølv og andre for fare.

Vi snakka med syster mi på Sola i dag tidleg og avlyste turen. -De får ha det til gode til ein gong seinare, sa ho, og det har vi jo.

I staden fekk eg skrive litt på Setesdalswiki i dag og. Frå tida i haust då eg hadde vond rygg og ikkje kunne skrive noko særleg, ligg det fleire nummer av Setesdølen og ventar på meg. No fekk eg eitt av dei på plass og fleire artiklar ut frå den avisa. No nærmar det seg eit nytt hundretal, så leksikonet veks. Men framleis er det mykje att å skrive om, både stader og folk. Eg får sjå om eg klarar å få på plass noko meir i morgon.

Likar ikkje snø

Share

I dag kom det snø, no ligg det kan hende 10 cm. Eg likar ikkje snø, det trur eg heller ikkje utanlandske trailarsjåførar gjer. Fleire av dei fekk kjøreforbud, etter det vi kunne sjå på TV i kveld. Politiet sette hjullås på dei, slik at dei ikkje kom seg vidare.

Vi har planar om ein tur til Sola i morgon. Søster mi har flytta inn i nytt hus, og planen er at vi skal møtast hos henne, alle søskena, og gratulere henne. Men vi lurer på om vi skal dra, for vermeldinga er ikkje så god. Kan hende blir det snødrev og vanskelege kjøreforhold, vi høyrer at dei åtvarar om at det er lurt å ta det roleg. Søndag skal det kome mykje snø att, seier Gislefoss på tv, men laurdag skal det vere lite.

Hadde det vore ein tur til jobb i Valle, så hadde eg ikkje tenkt på det. Ver og føre var ikkje spørsmål når eg skulle på jobb. Men kan hende er eg blitt litt mindre glad i dårlege kjøreforhold enn eg var. Eg tenkjer eg får sove på det og ta avgjerda i morgon.

I dag fekk vi ein flott artikkel til Setesdalswiki. Den handla om første traktoren i Åraksbø. Slike artiklar er det også plass til på Setesdalswiki, kan hende har du ein artikkel og ei historie om første snøscooteren i Bykle eller første bilden, mopeden eller sykkelen din. Det er lurt å få det ned på trykk, slik at fortellinga ikkje forsvinn, men blir ein del av felles kunnskap. Om du har skrive ein slik artikkel og har lyst til å få den inn på Setesdalswiki, men ikkje vil skrive den sjølv, kan du sende den til meg, så legg eg den ut for det. Skriv til harhaugl@gmail.com så ordnar vi det.

Predikantar

Share

I dag fekk Setesdalswiki to artiklar om predikantar. Den eine er svært levande og kjem til Elim Evje på sundag. Den andre døydde i 1955.

Dag Øyvind Juliussen  (født 17. november 1972) er fra 1. juni 2014 norsk direktør for ICEJ Den internasjonale kristne ambassaden i Jerusalem. Han har arbeidet med dette siden 2006 og produsert over 500 radio- og TV-program, deltatt i debatter og besøkt menigheter, skoler og bibelskoler med informasjon og forkynnelse.

Fra 1998 til 2006 var han medpastor i menigheten Livets ord på Hamar. Da flyttet familien til Åsgårdstrand.

Søndag 27. januar 2019 kjem han til Elim Evje på møte klokka 18

Johannes Daasvand (fødd 13. januar 1884, død 13. september 1955) var ein predikant frå Hornnes. Han var fødd på Vollen på Øvre Dåsvatn. Etter at han hausten 1903 vart omvend, begynte han å ha små andaktar på møte i Hornnes. I 1905 vart han leiar av den nystarta foreninga for Kinamisjonsforbundet i Hornnes. Same hausten var han med på haustmøtet for organisasjonen i Kristiansand. Utan at han visste det, vart talen hans vurdert med tanke på å tilsette han som predikant i kretsen. Men det vart han ikkje. I staden flytta han til Ganddal og vart predikant i Stavanger krets. I 1913 flytta familien til Trondheim. Han var då gift med Othelie Daasvand, fødd Sandve. Dei hadde fått sonen Arnold Daasvand, som vart fødd i mars 1913.

Sitat I mange år virka Johannes Daasvand no som forkynnar og bibellærar særleg i Stavanger og Trondheim. Men leiinga i Kinamisjonsforbundet brukte han også kring i heile landet. Og det er ikkje for mykje sagt at han blei sett på som ein av dei dyktigaste forkynnarane Kinamisjonsforbundet hadde i fyrste halvdel av 1900-talet. Sitat
– Erik Kjebekk
Sitat I 1931 busette Johannes Daasvand seg med huslyden sin på Mønnesland ved Mandal der dei hadde kjøpt gard. No vart han meir knytta til heimekrinsen. Mange gledde seg over det. Sitat
– Erik Kjebekk
Sitat I 1943 fekk Daasvand ansvaret for bibelkursa som då blei sette i gang på Drottningborg. Der var han til 1947 då han og kona Othelia kjøpte seg hus på Strai. Han døydde i heimen i 1955. Johannes og Othelia er gravlagde på Oddernes kyrkjegard Sitat
– Erik Kjebekk

Bibliografi

Johannes Daasvand var ein av utgjevarane av bladet Evangelisten nesten heilt frå starten av i 1912. I 1916 trekte han seg som utgjevar, men heldt fram med å skrive i bladet så lenge han levde.[1]

  • Under Ordets lyskaster, 1921
  • Daapen fri, 1922
  • Naade og ansvar 1925
  • Frigjøringen i Kristus 1949
  • I sjelevinner-tjenesten 1954

Kjelder

Referanser

Å velje

Share

Kva skal ein velje, Valle Radio, Eides språkshow eller håndball? I kveld var det dilemmaet eg stod i. Det spelar inn kva kona vil, og ho valdeEides språkshow og håndball, så dermed vart det prioritert.  Men eg høyrde med høgre øyre på noko i Valle Radio, der Øyvind Jacob først hadde samtale med Torunn Charlotte Nyberg om aktuelle saker på kulturfeltet.

Der var det mellom anna tale om frist for søknad om kulturmidlar, om UKM for Agder som skal vere i Valle og der mange elevar på Valle skule førebur seg på å vere med. Dei snakka og om meirope bibliotek og gleda ved å ha fått Sæbyggjen.

Samtalen med Aron Åkre Rysstad på telefon frå Lillehammer, der han studerer idrettsvitenskap, om eg høyrde rett, var også interessant å få med seg, setesdølen som vart nr. 6 på sprinten i junior-VM i Lahti.

Astronomi-delen av programmet valde eg bort.

Takka vere teknikar Siri Johannessen har Setesdalswiki fyldig dekning av programmet:

Program[rediger]

  • George Harrison: «While my guitar gently weeps» fra albumet Let it roll – Songs of George Harrison (2009).

19.00 Tankar frå Bibelen[rediger]

  • med Torfinn Brokke
    • Synnøve Aanensen: «Å hvor salig» fra albumet Salmer og åndelige viser (2011).
    • Hallgeir Greger: «Nærmere Deg min Gud» fra albumet Jeg vil gi deg alt (2006).

19.30 Kommunen informerer[rediger]

  • med Torunn Charlotte Nyberg, leiar kultur og fritid
    • Hellbillies: «Den finaste eg veit» fra albumet CoolTur (2002).

20.10 Øyvinds time[rediger]

  • Aron Åkre Rysstad på telefonen fra Lillehammer
    • Queen: «We are the champions – Live Aid» fra albumet Bohemian Rhapsody (The original soundtrack) (2018).
    • The Beatles: «Back in the U.S.S.R.» fra albumet The Beatles (Remastered) (1968).
  • Trond Hugo Hermansen, formann i Astronomiforeningen i Agder fortel om astronomi som hobby og om foreningas 20-års jubileum.
    • Rod Stewart: «Fly me to the moon» fra albumet Fly me to the moon… The great american songbook volume V (2010).

21.00 Temasending[rediger]

Sondre Rua Dokken i studio med tema musikk frå westernfilmer

  • Ennio Morricone: «The ecstasy of gold» frå albumet The good, the bad and the ugly (1966).
  • Alan Silvestri: «The quick and the dead (End credits)» frå albumet The quick and the dead (Original motion picture soundtrack) (1995).
  • Hanz Zimmer: «Rango returns» frå albumet Rango soundtrack (2011).
  • Nick Cave, Warren Ellis: «Song for Jesse» frå albumet The assasination of Jesse James by the coward Robert Ford (2008).
  • Frankie Laine: «Signature/Main title» frå albumet Blazing saddles: Original motion picture soundtrack – 40th anniversary edition (2014).
  • Elmer Bernstein: «The magnificent seven – Suite» frå albumet Movie memories – music from the greatest films (2009).
  • Randy Newman: «Opening» frå albumet Maverick – Original motion picture score – Remastered (1994).
  • Ennio Morricone: «For a few dollars more (From For a few dollars more)» frå albumet Western music collection Vol. 1 – Ennio Morricone (Original film scores)(2015).
  • Luis Bacalov, Rocky Roberts: «Django» frå albumet Quentin Tarantino’s Django unchained original motion picture soundtrack (2012).
  • Bruce Broughton, Belinda Broughton: «End titles from Silverado» frå singelen End titles from Silverado (2016).

Sondre anbefaler webcasten Celluloid tunes for dei som vil vite meir om denne musikken!

Reklame![rediger]

… avsluttet med

  • Dimitri Tiomkin: «High noon – Theme» frå albumet Movie memories – Music from the greatest films (2009).

Kroning i Nidarosdomen 1906

Share

I kveld fekk eg teksten til artikkelen om kroninga i Nidarosdomen 1906 som Andres Helle hadde skrive i Jol i Setesdal 100 år etter hendinga. Grunnen til det var at vararordføraren i Bygland den gongen, Tarkjel K. Austad, var til stades.

Du kan sjå artikkelen her.

Det fine med å få slike artiklar på Setesdalswiki er at lesaren kan finne meir stoff enn publisering i papirformat kan gje. No er det lenker til artikkel om Tarkjel og om Austad, men det er høve til å legge til fleire lenker og slik gje artikkelen meirverdi.

Difor vil eg i kveld oppfordre folk som har skrive artiklar om å stille dei til rådvelde for publisering på Setesdalswiki. Fleire vil få lese stoffet, noko som kan føre til reaksjonar frå lesarane og utvida interesse.

Setesdalswiki har ikkje plassmangel. Leksikonet veks i alle retningar, både med historisk og aktuelt stoff.

Eit hefte

Share

I dag fekk eg ein epost som fortalde at det var meir stoff om Tarkjel K. Austad i Jol i Setesdal for 2006. Så var det å finne fram det heftet og lese artikkelen. Den hadde tittelen Kroning i Nidarosdomen 1906 og gir eit interessant innblikk i både reise og andre tilhøve for varaordføraren frå Bygland sin tur.

Enno har ikkje dette stoffet kome inn i artikkelen, eg må finne ei form på det som høver. Men han vil bli utvida.

Og så vart eg sitjande og lese meir i heftet. Som vanleg var det fleire interessante artiklar der. Jol i Setesdal er eit hefte som slett ikkje bare må lesast i joletida, truleg fungerer det endå betre om ein tek det fram ei anna tid på året, for det er i grunnen lite jolestemning i heftet. Om eg skulle omtale stemninga, må den vel heller kallast setesdalsstemning.

Her er innhaldslista:

Stokkebåtar

Share

I ein bildetekst, rett nok inne i artikkelen om Løyningsli, er Topsæ stokkebåten omtalt. I eit søk på Wikipedia sin artikkel om stokkebåt, kjem denne båten som nummer 6, altså den sjette eldste som er funne i Norge.

Norske stokkebåter

  • SørumbåtenSørum, Akershus cirka 170 f.Kr.
  • Siljanbåten, Siljan, Telemark 170-310 e.Kr.
  • Øynavatnet I, Froland, Aust-Agder 650-980 e.Kr.
  • Øynavatnet II, Froland, Aust-Agder 650-1010 e.Kr.
  • Grevsjøen, Oppland 690-1020 e.Kr.
  • Topsæ, Aust-Agder 700-1030 e.Kr.
  • Gjerstad, Aust-Agder 710-850 e.Kr.
  • Haukasmyra, Stange, Hedmark 730-890 e.Kr.
  • Tunhovdfjorden, Nore og Uvdal, Buskerud 780-1040 e.Kr.
  • Lytingsvatnet, Nissedal, Telemark 890-1140 e.Kr.
  • Haukomvatnet I, Birkenes, Aust-Agder 900-1160 e.Kr.
  • Ulvemyrtjernet, Sande, Vestfold 1000-1100
  • Mjålandsvatnet I, Froland, Aust-Agder 1020-1180
  • Buvatn, Nes, Buskerud 1030-1180
  • Mjålandsvatnet II, Froland, Aust-Agder 1030-1390
  • Skiftastjønn, Telemark 1030-1420
  • Søndre Myrvatn, Rogaland 1040-1250
  • Stora Myrvatn, Rogaland 1130-1400
  • Gjersjøen, Oppegård, Akershus 1160-1290
  • Røyrås, Songdalen, Vest-Agder 1280-1430
  • Steinsvatn, Aust-Agder 1270-1400
  • Olandsheiene, Aust-Agder 1270-1450
  • Skrøvlingen, Kongsvinger, Hedmark 1280-1440
  • Vannen, Hemsedal, Buskerud 1280-1610
  • Haukomvatnet II, Aust-Agder 1300-1430
  • Sætertjern, Aremark, Østfold 1330-1620
  • Heggland, Tvedestrand, Aust-Agder 1410-1660
  • Lille Ulevann, Rødenes, Østfold 1440-1640
  • Haukomvatnet III, Aust-Agder 1440-1670
  • Igletjern, Aremark, Østfold 1440-1950
  • Kilen, Aremark, Østfold 1450-1950
  • Sandungen, Hurum, Buskerud 1490-1950
  • Rakkestad, Østfold 1490-1950
  • Kroktjern, Aremark, Østfold 1640-1950
  • Saurdalsvatnet, Froland, Aust-Agder 1640-1950

Knut Eldhuset skriv:  Pila ute på vatnet peikar mot Timrevik der Torstein Haugen (1893) oppdaga ein stokkebåt i 1921, Topsæ stokkebåten. Torgrim og Knut Eldhuset (1958)Aasmund K. Eldhuset og sønene hans Knut og Kjell Arne tok opp båten frå rundt 3 meters djup i 1973. Ei prøve av båten blei datert til Vikingtida ved laboratoriet for radiologisk datering på NTH i Trondheim.

Dermed har eg søkt litt på google utan å finne noko særleg om akkurat denne båten. Eg lurer på kor han er no. Eg er jo ikkje så kjent i Bygland, men hadde ikkje høyrt om den før eg las dette, så eg lurer på kor eg kan finne meir informasjon. Vi burde jo hatt ein artikkel om dette spesielle funnet på Setesdalswiki.

Er det nokon som kan hjelpe med meir informasjon?