Eit prinsipp

Share

Eg har nokre dagar lurt på korleis eg skal lage artiklar om folk på Setesdalswiki når to personar har same namn. Nokre gonger veit eg namnet til faren, då kan eg bruke mellombokstav. Andre gonger veit eg kva jobb vedkomande har, då kan eg bruke det i parentes. Eller så kan eg bruke fødselsår. Som regel skriv eg ikkje inn ein person om eg ikkje har fødselsår, så det burde vere greitt.

På den andre sida er det jo ikkje så mange som veit om ein person er fødd i 1950, eller om det er søskenbarnet, så årstal er ikkje så enkelt å skilje to frå kvarandre. Heller ikkje er yrke alltid så lett, særleg ikkje om begge er bønder. Og så har vi patronyma, i Setesdal har det vore tradisjon for å kalle opp gofa, då kan ein få fleire ledd med same namn.

I den siste situasjonen må ein nok bruke årstal for å skilje. Men elles trur eg nok at ein også kan bruke yrke, sjølv om den det gjeld kan hende har bytta jobb fleire gonger. Til dømes kan ein skrive prest i parentes, sjølv om vedkomande har vore både kapellan, sokneprest eller prost.

Kva blir så prinsippet?

Truleg må det bli at ein får nytte alle måtane, alt etter kva som høver. Og så kan ein jo lage peikesider som gjev folk høve til å velje den rette. Ein kan også lage omdirigeringar for å kome til den rette. Slik sett er systemet svært fleksibelt.

Dagens spørsmål?

Kor ligg Tverrå gamle bru?