Funderingar

Share

I dag har eg hatt mine funderingar. Difor har det ikkje blitt så mykje skriving på Setesdalswiki.

-Kva har du fundert på, lurer du kanskje på.

Jo, eg kom til å lese ein omtale av ein 75-årsjubilant. Når eg les slike omtalar, lurer eg på om dei kan danne grunnlag for ein artikkel på Setesdalswiki. Dersom det står at den det gjeld, har budd eller arbeidd i Setesdal, så er jo grunnlaget for ein artikkel.

Men så er det å finne ein plass til artikkelen slik at den kan koplast saman med resten av stoffet. Eg likar ikkje foreldrelause artiklar. Å finne den koplinga, krev funderingar.

I det aktuelle tilfellet handla det om ein feltprest på Evjemoen. Når eg les artikkelen om Infanteriets øvingsavdeling II, viser den at det var 100.000 personar som fekk rekruttopplæring på Evjemoen før dei reiste til teneste i Nord-Norge.

Setesdalswiki har artiklar om nokre av dei som kom til Evjemoen og sidan vart verande på Evje. Dei fann sin plass i lokalsamfunnet og har difor fått artikkel.

Funderingane mine har gått på om eg skal opprette ei liste over personar som har hatt teneste på Evjemoen. Om alle 100.000 fekk artikkel, blei det heftig. Tilgang til slike lister har eg jo heller ikkje. Men ei slik liste kan eg jo lage likevel, ut frå dei opplysningar eg har, og så kan ho vekse med tida.

Kan hende må eg også lage ein kategori over personer tilknyttet Evjemoen. Vi kan jo ha både ein kategori og ei liste. Lista vil gjerne ha namn som vi ikkje har skrive om enno, kategorien gjeld dei vi har artiklar om. Truleg blir et ikkje dei hundre tusen soldatane som kjem på lista, men heller folk som jobba i leiren i mange funksjonar.

Slik funderer eg på, og funderingane kan var ein heil dag før dei fører til handling. Ikkje minst kan dei det når det både er snooker og handball på tv. Då kan ein sjå på og tenkje på noko heilt anna.

Dagen spørsmål: 

Kven var siste sjef for Infanteriets øvingsavdeling nr. II på Evjemoen?