Juletrefest

Share

Dei gjekk neppe rundt juletreet på Granavollen, sjølv om det har stått utanfor gjestgiveriet med lys kvar kveld når Knut Magnus Berge har rapportert frå regjeringsforhandlingane.

No er det imidlertid gått så langt ut på nyåret at sjølv Frelsesarmeen har slutta med juletrefestar, så forhandlingsdelegasjonane måtte nok droppe alle tankar om juletrefest i år. Så har dei prøvd å invitere til andre festlege samkomer, men når eg sat og såg på dei i kveld, kunne eg ikkje anna enn å tenke at dei heller burde prioritert juletrefest.

Truleg les ikkje eingong Kjell Ingolf Ropstad bloggen min, men her kjem eit referat frå ein juletrefest. Den vart halden i romjula, På Varhaug. I det blå KrF-landet. Og kusina mi, Brit Obrestad skreiv referatet.

Juletrefest på Lerbrekk skule 4. juledag 2018
Tradisjonen tru, så vart det juletrefest også denne romjula på Lerbrekk skule. Det er Vennelaget som arrangerer og juletreet stod fint pynta midt i skulestova.
Leiar Sigbjørn Varhaug kunne ynskje velkomen til om lag 44 personar i alle aldrar, til god, gamaldags juletrefest. Det er fleire som er heime på juleferie som møter opp på juletrefesten. Det er ekstra
gildt.  Faktisk var det ein familie som utsette heimreis ein dag for å få med seg juletrefesten på Lerbrekk.
Spesielt velkomen til soknepresten vår, Gaute Øgreid Rasmussen, til spelarane Agnes, Steinar og Olav Varhaug på trekkspel, og til Oddmund Nord-Varhaug som forsongar. Sigbjørn Varhaug las
juleevangeliet, og så song me «Det lyser i stille grender». Etter songen fekk Gaute Øgreid Rasmussen ordet. Han hadde gått ut under songen, og kom inn att kledd slik som han trudde Josef, var kledd, han som var trulova med Maria som vart mor til Jesus. Han levde seg inn i rolla til Josef, korleis han reagerte då Maria fortalde at ho venta barn, og at Josef ikkje var faren til barnet. Korleis Gud hadde tala til han i ein draum at han ikkje måtte svikta Maria, men ta på seg rolla som far til barnet. Om turen frå Nasaret til Betlehem der dei skulle skriva seg i manntalet, og om fødselen som plutseleg kom til Maria. Ja, han skildra så levande alt slik som det er fortalt i juleevangeliet til Lukas, slik at både små og store fekk det med seg og kunne sjå det levande for seg.
Gaute Øgreid Rasmussen fekk ein blom som takk for at han var med. Etterpå var det gang rundt juletreet, og me starta med songen «Jeg er så glad hver julekveld». Det vart fleire songar før det var tid for kaffi, julebrød og lefse i tillegg til posane som borna fekk med kakemann og klementin. Og tradisjonen tru, så vart det også i år «smedling» med posane, til stor glede for dei små, og kan hende for dei vaksne med. Litt mimring om barndommens juletrefest skjemmer ingen.
Sigbjørn las ei forteljing om å ha influensa, og hadde konkurranse med Twist som premie. Meir gang rundt treet vart det og, før Sigbjørn takka for frammøtet og ga ein blom til musikarane som takk for at dei hadde delteke også i år med god musikk.

Dagens spørsmål:

Kva samla Anne Tarkjelsdotter Austad på?