Stokkebåtar

Share

I ein bildetekst, rett nok inne i artikkelen om Løyningsli, er Topsæ stokkebåten omtalt. I eit søk på Wikipedia sin artikkel om stokkebåt, kjem denne båten som nummer 6, altså den sjette eldste som er funne i Norge.

Norske stokkebåter

  • SørumbåtenSørum, Akershus cirka 170 f.Kr.
  • Siljanbåten, Siljan, Telemark 170-310 e.Kr.
  • Øynavatnet I, Froland, Aust-Agder 650-980 e.Kr.
  • Øynavatnet II, Froland, Aust-Agder 650-1010 e.Kr.
  • Grevsjøen, Oppland 690-1020 e.Kr.
  • Topsæ, Aust-Agder 700-1030 e.Kr.
  • Gjerstad, Aust-Agder 710-850 e.Kr.
  • Haukasmyra, Stange, Hedmark 730-890 e.Kr.
  • Tunhovdfjorden, Nore og Uvdal, Buskerud 780-1040 e.Kr.
  • Lytingsvatnet, Nissedal, Telemark 890-1140 e.Kr.
  • Haukomvatnet I, Birkenes, Aust-Agder 900-1160 e.Kr.
  • Ulvemyrtjernet, Sande, Vestfold 1000-1100
  • Mjålandsvatnet I, Froland, Aust-Agder 1020-1180
  • Buvatn, Nes, Buskerud 1030-1180
  • Mjålandsvatnet II, Froland, Aust-Agder 1030-1390
  • Skiftastjønn, Telemark 1030-1420
  • Søndre Myrvatn, Rogaland 1040-1250
  • Stora Myrvatn, Rogaland 1130-1400
  • Gjersjøen, Oppegård, Akershus 1160-1290
  • Røyrås, Songdalen, Vest-Agder 1280-1430
  • Steinsvatn, Aust-Agder 1270-1400
  • Olandsheiene, Aust-Agder 1270-1450
  • Skrøvlingen, Kongsvinger, Hedmark 1280-1440
  • Vannen, Hemsedal, Buskerud 1280-1610
  • Haukomvatnet II, Aust-Agder 1300-1430
  • Sætertjern, Aremark, Østfold 1330-1620
  • Heggland, Tvedestrand, Aust-Agder 1410-1660
  • Lille Ulevann, Rødenes, Østfold 1440-1640
  • Haukomvatnet III, Aust-Agder 1440-1670
  • Igletjern, Aremark, Østfold 1440-1950
  • Kilen, Aremark, Østfold 1450-1950
  • Sandungen, Hurum, Buskerud 1490-1950
  • Rakkestad, Østfold 1490-1950
  • Kroktjern, Aremark, Østfold 1640-1950
  • Saurdalsvatnet, Froland, Aust-Agder 1640-1950

Knut Eldhuset skriv:  Pila ute på vatnet peikar mot Timrevik der Torstein Haugen (1893) oppdaga ein stokkebåt i 1921, Topsæ stokkebåten. Torgrim og Knut Eldhuset (1958)Aasmund K. Eldhuset og sønene hans Knut og Kjell Arne tok opp båten frå rundt 3 meters djup i 1973. Ei prøve av båten blei datert til Vikingtida ved laboratoriet for radiologisk datering på NTH i Trondheim.

Dermed har eg søkt litt på google utan å finne noko særleg om akkurat denne båten. Eg lurer på kor han er no. Eg er jo ikkje så kjent i Bygland, men hadde ikkje høyrt om den før eg las dette, så eg lurer på kor eg kan finne meir informasjon. Vi burde jo hatt ein artikkel om dette spesielle funnet på Setesdalswiki.

Er det nokon som kan hjelpe med meir informasjon?