I dag fekk eg ein epost som fortalde at det var meir stoff om Tarkjel K. Austad i Jol i Setesdal for 2006. Så var det å finne fram det heftet og lese artikkelen. Den hadde tittelen Kroning i Nidarosdomen 1906 og gir eit interessant innblikk i både reise og andre tilhøve for varaordføraren frå Bygland sin tur.
Enno har ikkje dette stoffet kome inn i artikkelen, eg må finne ei form på det som høver. Men han vil bli utvida.
Og så vart eg sitjande og lese meir i heftet. Som vanleg var det fleire interessante artiklar der. Jol i Setesdal er eit hefte som slett ikkje bare må lesast i joletida, truleg fungerer det endå betre om ein tek det fram ei anna tid på året, for det er i grunnen lite jolestemning i heftet. Om eg skulle omtale stemninga, må den vel heller kallast setesdalsstemning.
Her er innhaldslista:
- Stein Ødegård: Guds julehelsing
- Birgit Skjevrak Skeie: Glimt frå den gamle Strondelene i Bygland
- Salve Øina: Anders Osen med Voltakorset
- Alf Georg Kjetså/ Torgrim Dåsnes: Snøskredulukka på Ykseskor
- Andres Helle: Kroning i Nidarosdomen 1906
- Einar Skarpeid: Garden Ørnefjell i Bykle
- Ingvald Langemyr: November
- Torkjel Segberg: Olav T. Skeie (1879-1964)
- Paal Vollen: Desember
- Arne T. Aabø: Spilemannsvegar og slåttar på vandring
- Aanund Tveit: Grise-Jo – bygdeoriginal frå vestsida (1850-1943)
- Berit R. Løvland: Ei bjørnesoge frå Evje
- Kryssord
- Olav Mosdøl: Vegen til purpurlandet
- Olav Mosdøl: Tida ho renn
- Olav Arne Kleveland: Eit år på framhaldskulen
- Olav T. Åkre: www.vallemal.no
- Ingvald Langemyr: Handa
- Aanund Tveitå: Minne om Ola Pytten
- Paal Vollen: Klokkependelen
- Torleiv Uppstad: Vallepresten Reier Gjellebøl
- Olav Arne Kleveland: Norskdomsmannen Jørgen Løvland
- Bjug Åkre: Tora O. Lund – ei glad og arbeidssam Valle-kvinne
- Skaiå skole i Iveland: Barnesider
- Bjarne Tveiten: Eivind Torgrimsen Hovden