Kroning i Nidarosdomen 1906

Share

I kveld fekk eg teksten til artikkelen om kroninga i Nidarosdomen 1906 som Andres Helle hadde skrive i Jol i Setesdal 100 år etter hendinga. Grunnen til det var at vararordføraren i Bygland den gongen, Tarkjel K. Austad, var til stades.

Du kan sjå artikkelen her.

Det fine med å få slike artiklar på Setesdalswiki er at lesaren kan finne meir stoff enn publisering i papirformat kan gje. No er det lenker til artikkel om Tarkjel og om Austad, men det er høve til å legge til fleire lenker og slik gje artikkelen meirverdi.

Difor vil eg i kveld oppfordre folk som har skrive artiklar om å stille dei til rådvelde for publisering på Setesdalswiki. Fleire vil få lese stoffet, noko som kan føre til reaksjonar frå lesarane og utvida interesse.

Setesdalswiki har ikkje plassmangel. Leksikonet veks i alle retningar, både med historisk og aktuelt stoff.