Predikantar

Share

I dag fekk Setesdalswiki to artiklar om predikantar. Den eine er svært levande og kjem til Elim Evje på sundag. Den andre døydde i 1955.

Dag Øyvind Juliussen  (født 17. november 1972) er fra 1. juni 2014 norsk direktør for ICEJ Den internasjonale kristne ambassaden i Jerusalem. Han har arbeidet med dette siden 2006 og produsert over 500 radio- og TV-program, deltatt i debatter og besøkt menigheter, skoler og bibelskoler med informasjon og forkynnelse.

Fra 1998 til 2006 var han medpastor i menigheten Livets ord på Hamar. Da flyttet familien til Åsgårdstrand.

Søndag 27. januar 2019 kjem han til Elim Evje på møte klokka 18

Johannes Daasvand (fødd 13. januar 1884, død 13. september 1955) var ein predikant frå Hornnes. Han var fødd på Vollen på Øvre Dåsvatn. Etter at han hausten 1903 vart omvend, begynte han å ha små andaktar på møte i Hornnes. I 1905 vart han leiar av den nystarta foreninga for Kinamisjonsforbundet i Hornnes. Same hausten var han med på haustmøtet for organisasjonen i Kristiansand. Utan at han visste det, vart talen hans vurdert med tanke på å tilsette han som predikant i kretsen. Men det vart han ikkje. I staden flytta han til Ganddal og vart predikant i Stavanger krets. I 1913 flytta familien til Trondheim. Han var då gift med Othelie Daasvand, fødd Sandve. Dei hadde fått sonen Arnold Daasvand, som vart fødd i mars 1913.

Sitat I mange år virka Johannes Daasvand no som forkynnar og bibellærar særleg i Stavanger og Trondheim. Men leiinga i Kinamisjonsforbundet brukte han også kring i heile landet. Og det er ikkje for mykje sagt at han blei sett på som ein av dei dyktigaste forkynnarane Kinamisjonsforbundet hadde i fyrste halvdel av 1900-talet. Sitat
– Erik Kjebekk
Sitat I 1931 busette Johannes Daasvand seg med huslyden sin på Mønnesland ved Mandal der dei hadde kjøpt gard. No vart han meir knytta til heimekrinsen. Mange gledde seg over det. Sitat
– Erik Kjebekk
Sitat I 1943 fekk Daasvand ansvaret for bibelkursa som då blei sette i gang på Drottningborg. Der var han til 1947 då han og kona Othelia kjøpte seg hus på Strai. Han døydde i heimen i 1955. Johannes og Othelia er gravlagde på Oddernes kyrkjegard Sitat
– Erik Kjebekk

Bibliografi

Johannes Daasvand var ein av utgjevarane av bladet Evangelisten nesten heilt frå starten av i 1912. I 1916 trekte han seg som utgjevar, men heldt fram med å skrive i bladet så lenge han levde.[1]

  • Under Ordets lyskaster, 1921
  • Daapen fri, 1922
  • Naade og ansvar 1925
  • Frigjøringen i Kristus 1949
  • I sjelevinner-tjenesten 1954

Kjelder

Referanser