Foreningsliv

Share

Annankvar veke går Reidun i forening. Då sit eg heime og funderer på litt av kvart.

Men ho er med i eit miljø som ser ut til å bli mindre med åra. Før var det foreningar for så mange misjonar og ideelle organisasjonar at ein skulle ikkje tru folk hadde tid til så mykje. Men no, når tidene er langt betre enn dei var, så minkar foreningslivet.

I staden for å løfte i flokk i ei forening, blir vi meir individualistiske. Dei organisasjonane som baserte mykje av drifta på bidrag frå foreningane, slit, både Normisjon og Det Norske Misjonsselskap, NMS, har hatt store underskot dei siste åra, for å nemne nokon. Dette har vi kunna lese om i Vårt Land i januar.

I tillegg kjem alt vi ikkje får lese om. Sjølv arbeidde eg i fire år i Den indre sjømannsmisjon og var på mange foreningsbesøk. Men den organisasjonen er sterkt redusert, og vekebladet dei gav ut, som eg var redaktør for, er redusert til månadsblad og opplaget svært mykje mindre.

Å delta i forening har verdiar som ikkje kan målast med VIPPS, Den faste kollekten kan ein vippse, men fellesskapet mellom dei som er med i foreninga, det skapast når folk kjem saman. Difor kjem kona mi oppløfta heim etter ein kveld med dei andre damene i Norma kvinneforening i Mandal. Dei har delt  Guds ord, men dei har også delt eit sosialt fellesskap og inspirert kvarandre til dagar som kjem.

Om det er råd å snu trenden og få fleire foreningar, er ikkje sikkert. Men for dei som held saman, betyr det mykje å nettopp gjere det, halde saman. Det er foreningsliv.