Likar ikkje snø

Share

I dag kom det snø, no ligg det kan hende 10 cm. Eg likar ikkje snø, det trur eg heller ikkje utanlandske trailarsjåførar gjer. Fleire av dei fekk kjøreforbud, etter det vi kunne sjå på TV i kveld. Politiet sette hjullås på dei, slik at dei ikkje kom seg vidare.

Vi har planar om ein tur til Sola i morgon. Søster mi har flytta inn i nytt hus, og planen er at vi skal møtast hos henne, alle søskena, og gratulere henne. Men vi lurer på om vi skal dra, for vermeldinga er ikkje så god. Kan hende blir det snødrev og vanskelege kjøreforhold, vi høyrer at dei åtvarar om at det er lurt å ta det roleg. Søndag skal det kome mykje snø att, seier Gislefoss på tv, men laurdag skal det vere lite.

Hadde det vore ein tur til jobb i Valle, så hadde eg ikkje tenkt på det. Ver og føre var ikkje spørsmål når eg skulle på jobb. Men kan hende er eg blitt litt mindre glad i dårlege kjøreforhold enn eg var. Eg tenkjer eg får sove på det og ta avgjerda i morgon.

I dag fekk vi ein flott artikkel til Setesdalswiki. Den handla om første traktoren i Åraksbø. Slike artiklar er det også plass til på Setesdalswiki, kan hende har du ein artikkel og ei historie om første snøscooteren i Bykle eller første bilden, mopeden eller sykkelen din. Det er lurt å få det ned på trykk, slik at fortellinga ikkje forsvinn, men blir ein del av felles kunnskap. Om du har skrive ein slik artikkel og har lyst til å få den inn på Setesdalswiki, men ikkje vil skrive den sjølv, kan du sende den til meg, så legg eg den ut for det. Skriv til harhaugl@gmail.com så ordnar vi det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *