KrF i regjering

Share

I går var det klart at KrF går i regjering og sikrar fleirtal for ei borgarleg regjering. No vil kampane stå i regjeringskontora, ikkje i Stortinget. Difor trong dei ei plattform som kunne syne KrF-profil.  Her er nokre punkt i denne profilen:

Under er en liste over noen av våre seire:

  • Et tydelig kristent verdigrunnlag er på plass igjen
  • Fritidskort for alle mellom 6 og 18 år
  • Kraftig økt barnetrygd de første 6 årene
  • Økningen i barnetrygden holdes utenfor sosialhjelp
  • Støtte allerede fra svangerskapet når man venter barn med spesielle behov
  • Enklere hverdag for familier med barn med nedsatt funksjonsevne
  • Nei til tvillingabort, tvillinger hører sammen
  • Handlingsplan for å redusere antall uønskede svangerskap og aborter
  • Enslige mindreårige asylsøkere skal få et hjem
  • Økt innsats for integrering
  • Økt rettssikkerhet for konvertitter
  • Amnesti for eldre asylsøkere som har bodd lenge i Norge
  • Skjerpede klimamål og virkemidler for å kutte utslipp
  • Norge tar lederrollen i kampen mot plast i havet
  • Flere lærere til å se hver enkelt elev
  • En antislaverilov, og bistandspenger skal brukes for å bekjempe slaveri

Eg er likevel ikkje sikker på at dette var det beste. Ikkje minst fordi ein mista partileiaren, han går no over til å vere vanleg medlem. Så vil Olaug Bollestad overta som leiar inntil landsmøtet til våren.

Det vert nok avskalling. Om folka går til Senterpartiet eller Arbeiderpartiet, er ikkje godt å seie. I kommunevalet vil det nok merkast, alt no les vi i avisene at KrF slit med å stille lister. Korleis det går om to eit halvt år, kan ein nok også tenke seg.

Phyrros-siger er ein siger der du vinn slaget, men tapar krigen. Uttrykket kjem frå antikken. Tida vil vise om nyåret 2019 gjer at Ropstad-siger blir det same.

Juletrefest

Share

Dei gjekk neppe rundt juletreet på Granavollen, sjølv om det har stått utanfor gjestgiveriet med lys kvar kveld når Knut Magnus Berge har rapportert frå regjeringsforhandlingane.

No er det imidlertid gått så langt ut på nyåret at sjølv Frelsesarmeen har slutta med juletrefestar, så forhandlingsdelegasjonane måtte nok droppe alle tankar om juletrefest i år. Så har dei prøvd å invitere til andre festlege samkomer, men når eg sat og såg på dei i kveld, kunne eg ikkje anna enn å tenke at dei heller burde prioritert juletrefest.

Truleg les ikkje eingong Kjell Ingolf Ropstad bloggen min, men her kjem eit referat frå ein juletrefest. Den vart halden i romjula, På Varhaug. I det blå KrF-landet. Og kusina mi, Brit Obrestad skreiv referatet.

Juletrefest på Lerbrekk skule 4. juledag 2018
Tradisjonen tru, så vart det juletrefest også denne romjula på Lerbrekk skule. Det er Vennelaget som arrangerer og juletreet stod fint pynta midt i skulestova.
Leiar Sigbjørn Varhaug kunne ynskje velkomen til om lag 44 personar i alle aldrar, til god, gamaldags juletrefest. Det er fleire som er heime på juleferie som møter opp på juletrefesten. Det er ekstra
gildt.  Faktisk var det ein familie som utsette heimreis ein dag for å få med seg juletrefesten på Lerbrekk.
Spesielt velkomen til soknepresten vår, Gaute Øgreid Rasmussen, til spelarane Agnes, Steinar og Olav Varhaug på trekkspel, og til Oddmund Nord-Varhaug som forsongar. Sigbjørn Varhaug las
juleevangeliet, og så song me «Det lyser i stille grender». Etter songen fekk Gaute Øgreid Rasmussen ordet. Han hadde gått ut under songen, og kom inn att kledd slik som han trudde Josef, var kledd, han som var trulova med Maria som vart mor til Jesus. Han levde seg inn i rolla til Josef, korleis han reagerte då Maria fortalde at ho venta barn, og at Josef ikkje var faren til barnet. Korleis Gud hadde tala til han i ein draum at han ikkje måtte svikta Maria, men ta på seg rolla som far til barnet. Om turen frå Nasaret til Betlehem der dei skulle skriva seg i manntalet, og om fødselen som plutseleg kom til Maria. Ja, han skildra så levande alt slik som det er fortalt i juleevangeliet til Lukas, slik at både små og store fekk det med seg og kunne sjå det levande for seg.
Gaute Øgreid Rasmussen fekk ein blom som takk for at han var med. Etterpå var det gang rundt juletreet, og me starta med songen «Jeg er så glad hver julekveld». Det vart fleire songar før det var tid for kaffi, julebrød og lefse i tillegg til posane som borna fekk med kakemann og klementin. Og tradisjonen tru, så vart det også i år «smedling» med posane, til stor glede for dei små, og kan hende for dei vaksne med. Litt mimring om barndommens juletrefest skjemmer ingen.
Sigbjørn las ei forteljing om å ha influensa, og hadde konkurranse med Twist som premie. Meir gang rundt treet vart det og, før Sigbjørn takka for frammøtet og ga ein blom til musikarane som takk for at dei hadde delteke også i år med god musikk.

Dagens spørsmål:

Kva samla Anne Tarkjelsdotter Austad på?

Gåvekort og flaxlodd

Share

I kveld var det igjen tid for opi sending med Jorunn og Kåre i Valle Radio. Dei hadde countrymusikk og rebusar på menyen, men i tillegg hadde Jorunn funne fram nokre ordgåter som skulle løysast. Det var norske byar som var gøymde i setningar.

Programmet var ikkje kome med i Setesdølen, men kunngjering på Facebook var god hjelp for å få lyttarar. Dermed fekk dei svar på dei rebusane som vart lagde ut.

Sjølv var eg inne og svarte morsdag på ein rebus og Odda på ei geografigåte. Eg fekk også høyre historia om då Kåre åt så mykje banankake at han aldri lenger kunne tenke seg å ete det. Det var lettare med banansjokolade, det kunne dei nyte i musikkpausane, etter det eg skjøna.

Vinnarane av rebusløysing er:
Torhild Lunden= Flaxlodd, Caroline Voreland = Valle Radio krus,
Gyro Kopperud = Flaxlodd, Birgit (Bibbi) Lund= Gåvekort Coop 250,- og Harald Haugland = Gåvekort Joker 250,-. Gratulerer og takk for i kveld!

Det var ei triveleg sending og eg sakna ikkje tv i kveld.

Dagens spørsmål:

Kven skreiv boka om Ninjana frå Setesdal?

 

Nytt radio-år

Share

I morgon startar eit nytt radio-år. Då har vi første onsdagssending frå Valle Radio. Som oftast har det vore tysdagssendinga som har starta sesongen, men i år har Siri vore bortreist, så ho kjem truleg neste veke. Difor vert det onsdagssending med Ørnulf som startar opp sendingane våre denne gongen.

Torsdag 10. hadde radiogjengen møte og såg på planane for eit nytt år, Møtet vart avslutta med middag og etter det eg kunne sjå av bileta frå møtet, var det godt besøkt.

Så no startar det heile. Programmet for i morgon ser slik ut:

19.00 Tankar frå Bibelen

19.30 Kommunen informerer

20.00 Aktuell time

Med Ørnulf Hasla

21.00 Open sending

Det wer bare å gle seg!

Dagens spørsmål:

Kva skjedde i Topsæ i 1973?

Funderingar

Share

I dag har eg hatt mine funderingar. Difor har det ikkje blitt så mykje skriving på Setesdalswiki.

-Kva har du fundert på, lurer du kanskje på.

Jo, eg kom til å lese ein omtale av ein 75-årsjubilant. Når eg les slike omtalar, lurer eg på om dei kan danne grunnlag for ein artikkel på Setesdalswiki. Dersom det står at den det gjeld, har budd eller arbeidd i Setesdal, så er jo grunnlaget for ein artikkel.

Men så er det å finne ein plass til artikkelen slik at den kan koplast saman med resten av stoffet. Eg likar ikkje foreldrelause artiklar. Å finne den koplinga, krev funderingar.

I det aktuelle tilfellet handla det om ein feltprest på Evjemoen. Når eg les artikkelen om Infanteriets øvingsavdeling II, viser den at det var 100.000 personar som fekk rekruttopplæring på Evjemoen før dei reiste til teneste i Nord-Norge.

Setesdalswiki har artiklar om nokre av dei som kom til Evjemoen og sidan vart verande på Evje. Dei fann sin plass i lokalsamfunnet og har difor fått artikkel.

Funderingane mine har gått på om eg skal opprette ei liste over personar som har hatt teneste på Evjemoen. Om alle 100.000 fekk artikkel, blei det heftig. Tilgang til slike lister har eg jo heller ikkje. Men ei slik liste kan eg jo lage likevel, ut frå dei opplysningar eg har, og så kan ho vekse med tida.

Kan hende må eg også lage ein kategori over personer tilknyttet Evjemoen. Vi kan jo ha både ein kategori og ei liste. Lista vil gjerne ha namn som vi ikkje har skrive om enno, kategorien gjeld dei vi har artiklar om. Truleg blir et ikkje dei hundre tusen soldatane som kjem på lista, men heller folk som jobba i leiren i mange funksjonar.

Slik funderer eg på, og funderingane kan var ein heil dag før dei fører til handling. Ikkje minst kan dei det når det både er snooker og handball på tv. Då kan ein sjå på og tenkje på noko heilt anna.

Dagen spørsmål: 

Kven var siste sjef for Infanteriets øvingsavdeling nr. II på Evjemoen?

Eit prinsipp

Share

Eg har nokre dagar lurt på korleis eg skal lage artiklar om folk på Setesdalswiki når to personar har same namn. Nokre gonger veit eg namnet til faren, då kan eg bruke mellombokstav. Andre gonger veit eg kva jobb vedkomande har, då kan eg bruke det i parentes. Eller så kan eg bruke fødselsår. Som regel skriv eg ikkje inn ein person om eg ikkje har fødselsår, så det burde vere greitt.

På den andre sida er det jo ikkje så mange som veit om ein person er fødd i 1950, eller om det er søskenbarnet, så årstal er ikkje så enkelt å skilje to frå kvarandre. Heller ikkje er yrke alltid så lett, særleg ikkje om begge er bønder. Og så har vi patronyma, i Setesdal har det vore tradisjon for å kalle opp gofa, då kan ein få fleire ledd med same namn.

I den siste situasjonen må ein nok bruke årstal for å skilje. Men elles trur eg nok at ein også kan bruke yrke, sjølv om den det gjeld kan hende har bytta jobb fleire gonger. Til dømes kan ein skrive prest i parentes, sjølv om vedkomande har vore både kapellan, sokneprest eller prost.

Kva blir så prinsippet?

Truleg må det bli at ein får nytte alle måtane, alt etter kva som høver. Og så kan ein jo lage peikesider som gjev folk høve til å velje den rette. Ein kan også lage omdirigeringar for å kome til den rette. Slik sett er systemet svært fleksibelt.

Dagens spørsmål?

Kor ligg Tverrå gamle bru?

Pilegrimheii

Share

Kva veit du om Pilegrimheii? Du kan finne ut at den ligg i Bygland austhei om du leitar på Setesdalswiki. Men kvifor fekk dette fjellet namnet sitt?

Vi fekk altså ein artikkel om dette fjellet i dag. Grunnen til det var at Knut Eldhuset la inn eit bilete med utsyn frå fjellet. Då tenkte eg at det kunne høve med ein artikkel, og så fann eg nok til å skrive etter å ha googla litt og sett på kartet.

Det er ikkje den einaste nye artikkelen i dag. Vi held oss i Bygland, der fekk vi artikkel om det sørlegaste bruket på Tveit, Hagan. Der kjem Knut Olav Tveit sin familie frå. Han samarbeidde eg med for nokre år sidan om å lage spørsmål ut frå Wikipedia. Difor har eg alltid gløtta bort på huset når eg farta forbi på veg oppover til Valle, på nedturen er det meir usynleg.

Og så fekk vi ein artikkel om kunstinstallasjonen på Heimigard Rysstad, Borderline Setesdal. Den er permanent, så den kan ein sjå om ein stoppar litt når ein er på farten. Kan hende får vi bilete av den etter kvart også.

Endeleg laga eg ein liten artikkel om ei misjonskvinne på Evje, Gunvor Gautestad. Ho døydde i 1988. Ho var gift med Olav P. Gautestad og sanneleg synte det seg at eg hadde laga artikkel om han tidlegare. Han var med i kommunestyret i 1937, det året det var jubileum for formannskapslovane.

No sit eg her og lurer på kor den boka er blitt av. Men litt skal ein jo lure på ein laurdagskveld.

Dagens spørsmål:

Kor høg er Pilegrimheii?

 

Det var lett

Share

I går skreiv eg Det skal ikkje vere lett. Men det synte seg at det var lettare enn eg hadde tenkt. Det er bare å kome på kva ein skal gjere.

Helge har installert eit program på datamaskinen som gjer at den kan fjernstyrast. Han må få ein kode frå oss, men når han har den, kan han sjå vårt skjermbilete.

Først sjekka han om maskinen var på, så kunne han skrive ut ei testside. Det fungerte heilt fint. Men så kom problemet. Printeren var sett opp til å skrive ut gjennom den maskinen som har gått i stå. Når vi så sende utskrift til printeren, sende vi den ikkje til printeren som var kopla til Reidun sin maskin. Først måtte vi forandre adressa, men då kom utskrifta som om ingen ting hadde hendt. I køen til den andre maskinen låg det sju utskrifter.

Dette minna meg om tida på Valle vaksenopplæring. Der måtte vi også seie kva for ein printer vi skulle bruke. Om vi ikkje var påpasselege, vart det skrive ut hundre ark på printeren i kommunehuset. Det var lite hyggeleg, så vi lærte oss etter kvart å vere nøye med å sjekke kva for ein printer utskrifta skulle gå til.

Det er lett når ein veit kva ein skal gjere.

I dag skreiv eg inn gårsdagens Setesdølen på Setesdalswiki. I tillegg laga eg artiklar ut frå dei røde lenkene der. Det er ein av få gonger at ei avis har bare blå lenker når eg er ferdig. Det var ein opptur.

Dagens spørsmål:

Kor ligg Furubuvatn og kva er det offisielle namnet?

Det skal ikkje vere lett

Share

Av ein eller annan grunn hadde Reidun behov for ei kvittering på papir. Ho er kasserer for ei forening og må ha orden i rekneskapen.

Men kvitteringa låg på eposten hennar, og for å få den ut, måtte ho få printeren til å fungere. Den var ikkje samarbeidsvillig med hennar bærbare datamaskin, som ho ikkje hadde brukt til å skrive ut før. Maskinen som h vanlegvis nyttar til dette, ville ikkje starte skikkeleg, så ho tok printeren med seg og kopla han opp til sin eigen maskin.

Men ny maskin var jo eitt problem, for printeren kjente ikkje den. Så ho måtte laste ned ein printerdrivar, meinte eg, slik at maskinen og printeren kunne snakke saman. Eg fann ein drivar på nettet for HP-printeren, den hadde rett nummer og alt, så eg trykte på download og ned kom den.

Men av ein eller annan grunn ville maskinen helst ha ein drivar installert frå ei CD-ROM plate, og det sjølv om den ikkje har CD-spelar, noko eg synest er dumt for moderne pc-ar, for dei gamle var greie til å spele cd-plater på om ein ville ha litt musikk.

Så då sit vi her og ventar på at det skal bli fredag, slik at Helge kan  overta, då han var heime i jula, installerte han eit program på maskinen som gjer at han kan fjernstyre den.

Ho får nok utskrifta si med tida, men det skal ikkje vere lett.

Bygdekvinnelag

Share

I dag kom det to nye artiklar om bygdekvinnelag på Setesdalswiki. Grunnen til det var at Setesdølen hadde omtale av både Grindheim bygdekvinnelag og Evje og Hornnes bygdekvinnelag.

Frå tidlegare har vi artikkel om Valle bygdekvinnelag, Bygland bygdekvinnelag og Austad bondekvinnelag.

Bygdekvinnelaga gjer ein stor innsats i lokalmiljøet. Nokre lag er store, andre slit med rekruttering. Men det er godt at dei finst og har sitt virke i bygdene. Ofte gjev dei ut kalender eller bøker, til dømes om mat og bygdetradisjonar. Valle bygdekvinnelag har gitt ut boka Rette klede i Setesdal, den handlar om bunaden. Grindheim bygdekvinnelag ga ut boka Amerikafeber i fjor, så det er ikkje bare matkultur som står på programma deira.

Austad bondekvinnelag gav ei offerskål, konfirmantkapper, flaumljos, grasklyppar og ein stol til sakristiet, og dessutan gav dei årvisst blomar til gudstenesta i juli, kan ein lese på Setesdalswiki sin artikkel om laget.

Truleg er det fleire bygdekvinnelag i distriktet. Etter kvart får vi nok artiklar om dei også. Setesdalswiki veks sakte, men sikkert med meir og meir innhald etter som tida går.

Dagens spørsmål:

Kven er leiar i Grindheim bygdekvinnelag?