Peiskos var svaret på den første rebusen i Valle Radios Open sending i kveld. Ronny Stavsholt hadde ansvaret, og då ingen andre hadde ringt inn, kasta eg meg på telefonen og fekk ein prat med han. Vi har peis, men ikkje peiskos, for det er mange år sidan den var godkjent av brannvesenet. I staden har vi god fyring i ein vedomn med kokeplate, det er nyttig når straumen går.
Som du ser har eg kome meg i skriving att etter at laptopen min tok kvelden. Med god hjelp frå Helge kom den frå Komplett til Coop Prix på Malmø i Mandal i dag. Deretter var det å gå gjennom oppstartrutinar, og så var eg i gang att. Med Windows installert prøver Microsoft så godt dei kan å binde meg til deira system, men med Helge si hjelp fekk eg installert Chrome og fekk så lik skjerm som eg kunne i høve til den gamle. Men tastaturet er litt ulikt, særleg valdar Enter-tasten meg bry. Det kjem seg nok etter kvart.
Her er programmet for kveldens sending i Valle Radio, ettersom eg fekk maskinen i dag, kunne eg skrive det inn på Setesdalswiki i kveld:
Onsdagssending i Valle Radio 20190130
Onsdagssending i Valle Radio 20190130 er sida til programmet i Valle Radio onsdag 30. januar 2019. Ørnulf Hasla var programleiar, Liv Gunn Viki teknikar, Solveig Rysstad og Jorunn Helle var telefonvakt frå klokka 20.30.
Program
19.00 Tankar frå Bibelen
- Med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer
- Med rådmann Aud Sunniva Fuhr
20.00 Ørnulfs time
- Kristine Bjørgum Forde har vore på Grüne Woche i Berlin. Ho deltok på Fjell-Norge sin stand saman med representantar frå Setesdal.
- Samtale ned Arthur O. Stulien om utgjeving av plata Home med Arthur Stulien Band
- Jan Wojtaszek kjem med rapport frå Brokke skisenter.
- Opptak laga på begynnelsen av 70-talet med Lensmann Knut Brokke og Sigmund Skomedal som vart truga med å verte skoten i Nomelandskleiva
21.00 Opi sending
- Med Ronny Stavsholt, ring 4177 6666
Sjølv fekk eg med meg det meste av Ørnulfs time. Men han konkurrerer med Linda Eides språkshow på tv, så før det sluttar, er det ho som fangar meg som oftast.