Vi avlyste

Share

I går skreiv eg at vi vurderte å dra på tur til Sola. Men i dag såg vi på ver og vermelding og fann ut at vi avlyste turen. No i kveld fekk eg ei melding frå syster mi som bur i Lyngdal. Dei reiste og hadde ein flott tur bortover.

Men heimturen vart ikkje som dei hadde håpa. Ho skriv: Snudde på Runaskaret. Snø og vær koker, ingen sikt, vi torde ikke mer. Så dei måtte finne overnatting på Ålgård og heller prøve att i morgon.

Vi tenkte mykje på om vi gjorde rett når vi avlyste. Men etter å  ha fått denne meldinga, trur eg vi gjorde rett. Det hadde vore hyggeleg å møte søskena, men det var jo ikkje nødvendig, og då bør ein vurdere litt ekstra og ikkje utsette seg sjølv og andre for fare.

Vi snakka med syster mi på Sola i dag tidleg og avlyste turen. -De får ha det til gode til ein gong seinare, sa ho, og det har vi jo.

I staden fekk eg skrive litt på Setesdalswiki i dag og. Frå tida i haust då eg hadde vond rygg og ikkje kunne skrive noko særleg, ligg det fleire nummer av Setesdølen og ventar på meg. No fekk eg eitt av dei på plass og fleire artiklar ut frå den avisa. No nærmar det seg eit nytt hundretal, så leksikonet veks. Men framleis er det mykje att å skrive om, både stader og folk. Eg får sjå om eg klarar å få på plass noko meir i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *