Norges Bebyggelse

Share

I arbeidet med Setesdalswiki har eg mange gonger tenkt at eg skulle hatt bokverket Norges Bebyggelse, Aust-Agder, vestre del. Eg kan slå opp i boka på Nasjonalbiblioteket, men det ville vore lettare med papirbasert bok slik at eg slepp problemet med å leite på dataskjermen. Men i Bokbyen Tvedestrand hadde dei denne boka frå 1954 til ein pris av 2400 kroner, og det meinte eg var i meste laget.

-Du kan jo spørje på facebook, sa Reidun.

Men det har eg ikkje gjort, om nokon i Setesdal har boka, vil dei nok helst ha henne sjølv, Det er ei god oppslagsbok både for når eit hus er bygd og når folk er fødde.

Men denne veka fann eg henne til ein overkommeleg pris på eit antikvariat i Trondheim. Dei har hjelpt meg før på Wangsmo antikvariat, så eg sende inn bestilling, og i dag fekk eg boka. Eg trur nok at ho har høyrt til nokon som har hatt interesse av Bygland, for det er dei sidene som er lause, slik det gjerne går når sider blir mykje brukt.

Men her kan eg leite i hus i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland og fleire andre kommunar slik stoda var på 1950-talet. Mykje er jo endra sidan den gongen, men til nytte veit eg at boka vil bli.

Hylestad skule

Share

I kommunestyremøte i Valle i dag vart det vedteke å legge ned Hylestad skule frå sommaren 2019. Den blei etablert i 1958 og erstatta då grendeskulane i Hylestad. Det siste året har om lag 40 elevar gått på skulen. Dei vil frå neste år måtte ta bussen til Valle.

I debatten vart det lagt vekt på at dei der ville få eit større miljø, noko som politikarane meinte ville vere godt for sosial læring.

Sjølv hadde eg gleda av å vere rektor på Hylestad skule eit år, det var eit fint år. I fleire år budde vi som næraste nabo til skulen og hadde ingen problem med det. Skulen har vore ein viktig faktor i bygda, ikkje minst har gymsalen vore ei kjelde til glede for mange. I komunestyret kom det også forslag frå Knut Haugland om å ikkje overføre den til ny eigar, men det forslaget fall. Denne problematikken var også teken opp i eit lesarinnlegg i Setesdølen av Torstein Bjørgum.

Ein faktor som nok gjorde det lettare enn det elles hadde vore, var at Setesdal folkehøgskule no vil få ein plass. Skulen har godkjenning for 70 elevar og satsar mellom anna på motorsport og folkemusikk. Ikkje minst tanken om å få folkemusikk på folkehøgskulen i ei tid der ein arbeider for å få folkemusikken inn som immateriell kulturarv, vart det peika på at det kunne vere strategisk viktig at skulen fekk betre lokalar. Alle var glade for at nedlegginga ikkje førte til tome bygg, då ville nok forfallet kome ganske snart.

Politiske lister

Share

No er det snart bare ein månad att for å lage politiske lister til kommunevalet 2019. I annonsar står det at dei må vere inne klokka 12 dagtid 1. april, så dei som har tenkt å lage liste, har no knapt med tid.

Setesdlswiki vil gjerne ha desse listene. Med åra har vi fått lister frå val både i 2011 og 2015. Men vi lurer på kvifor det er så vanskeleg for dei som sender inn lister å sende ei liste til oss i Setesdalswiki. Når vi får lista, kan vi legge den ut utan risiko for feiltasting, som det jo lett blir når vi må skrive av frå avisa.

Setesdalswiki er jo både ei nettavis og eit leksikon, så når ein har noko å kunngjere, er det jo flott om det blir sendt til Setesdalswiki, så kan det kome som ei linje i våre datoartiklar, til dømes. Vi har jo denne sida på Facebook der du kan nå oss, elles er det ei lenke i margen på brukarsida mi der du kan sende meg epost. Det har også Geir Daasvatn, så det burde vere lett å nå oss. harhaugl at gmail.com tek gjerne imot politiske lister frå partia.

Sjølvsagt tek vi imot anna stoff også, det er flott når vi får innspel til artiklar eller oppdatering av artiklar vi alt har. Bli med på dugnaden, det er mange som finn nyttig stoff på Setesdalswiki. Dei finn det fordi nokon har delt det slik at det har blitt artikkel.

Bibeldagen 2019

Share

Denne helga var det Bibeldagen 2019. Det er ein dag der ein markerer omsetting av Bibelen til andre språk. I samband med dette var leiaren for arbeidet i Etiopia, Yilma Getahun i Norge.

I Etiopia er det 105 millionar menneske. 65% er kristne. Dei snakkar 81 ulike språk. Heile Bibelen er omsett til ti språk, deler av Bibeleen er omsett til 17 språk til. No er det i gang 22 prosjekt, og når desse er fullført, vil det framleis vere 32 språk att å omsette Bibelen til. Målet er at minst ein del av Bibelen skal vere omsett til alle 81 språka innan 2025.

For oss som bur i eit land med norsk og samisk, der norsk sine to former kan forståast av alle, er det jo vanskeleg å skjøne kor komplisert dette er. Men i Etiopia lever dei i denne situasjonen, og gleda er stor i kyrkjelydane når dei kan høyre bibeltekstane på sitt eige språk. Inntil det skjer, må dei bruke amharisk eller oromo. Tigrinja er også eit språk som blir brukt i Etiopia, det kunne ein også høyre i Valle, for eritrearane snakkar tigrinja.

80 prosent av folka i Etiopia bur på landsbygda, dei er fattige og har ikkje så lett for å kjøpe sin eigen Bibel.

Alt dette kunne eg lese i ein artikkel i Vårt Land i dag. Så tenkte eg at eg kunne dele den informasjonen med dykk som les bloggen.

Men då eg sjekka litt meir, såg eg at Bibeldagen 2019 eigentleg var sist helg og at artikkelen burde stått i avisa for ei veke sidan om han skulle vore heilt rett plassert. Men det var ein interessant artikkel og temaet er jo aktuelt ikkje bare ein dag.

Snooker i nytt format

Share

Som mange av dykk som les bloggen min veit, likar eg å sjå snooker på tv. Ikkje minst er det triveleg fordi det er ein sport som er temmeleg stille, utan hoisting og applaus og heller ikkje har den særleg høgmælte kommentatorar. Slik sett er det heilt ulikt mange andre sportssendingar på tv, der både kommentator og publikum gjer at ein skrur av lyden når det vert for ille.

Men denne helga har eg fått med meg ei turnering på Eurosport som heiter Snooker Shoot Out. Den gjekk føre seg nord i London og det var plass til eit par tusen tilskodarar. Og så var det lov til å hoiste og ta bølgen og alt slikt som elles er ulovleg for publikum.

Kvart parti varte 10 minutt, den som vann, gjekk vidare, og det var ingen seeding, men villkårleg trekking av motstandar. For Eurosport sine reklamefolk måtte det vere paradis, ny reklamepause kvart tiande minutt. Men som underhaldning på tv har det vore strålande.

Og vinnaren vart den som er kjent som verdas raskaste spelar: Un-Nooh frå Thailand. Han hadde aldri vunne ei rankingturnering før, så det var vel unt.

Denne type turnering er det visstnok bare ei av i året. Det er første gongen ho vart sendt på tv. Så får vi sjå om det vert fleire slike turneringar med tida.

 

Litt av kvart å lese

Share

Denne veka har vi fått både korte og lange artiklar på Setesdalswiki. Difor er det litt av kvart å lese i helga. Sist helg skreiv eg om mange skirenn, men det er fleire å skrive om, om eg skulle få gløden att i desse VM-tider.

Fjellene selv roper langt hurra.

Share

Denne verselinja kom jeg på da jeg i dag leste meldingen fra organist Henrik West om at han hadde valgt å komme tilbake til Valle når permisjonen er over. Han skrev:

Efter lang tids grundige overvejelser om min fremtid har jeg nu besluttet mig for at vende tilbage til min stilling som organist i Valle og Bykle, når min orlov/permission udløber til sommer.

Jeg har længtes tilbage til Setesdal og mit liv der hver eneste dag, siden jeg flyttede til Danmark for et halvt år siden, så nu føler jeg mig helt sikker på, at det er dér mit liv skal leves.

Derfor har jeg i denne uge sagt min stilling i Fonnesbæk og Isenvad op. Det er trist at måtte tage afsked med gode kolleger, korsangere osv. efter så kort tid, men jeg er meget taknemmelig for den tid, vi fik sammen.

Med en god mavefornemmelse og fuld opbakning fra familie og venner er jeg overbevist om, at dette er den rigtige beslutning, så nu glæder jeg mig til at vende tilbage til fantastiske Setesdal til sommer!

Verselinja jeg kom på, er fra sangen Der ligger et land mot den evige sne. 

Der ligger et land mot den evige sne,
i revnene kun er det vårliv å se;
men havet går til med historie dønn,
og elsket er landet som mor av sønn.

Hun tok oss i fanget den gang vi var små,
og gav oss sin saga med billeder på.
Vi leste så øyet bli stort og vått;
da smilte den gamle og nikket blott.

Vi sprang ned til fjorden, vi stirret imot
den askegrå bauta, hvor gammel den stod;
hun stod der enn eldre, sa ingenting;
men stensatte hauger lå rundt i ring.

Hun tok oss ved hånden, og følge hun gav
bort derfra til kirken så stille og lav,
hvor fedrene ydmykt har bøyet kne,
og mild’lig hun sa: «Gjør I som de!»

Hun strødde sin sne over fjellbratte li,
bød så sine gutter å stå den på ski.
Hun knuste med stormhånd det Nordhavs speil,
bød så sine gutter å heise seil.

Hun satte de vakreste jenter på rad,
å følge vår idrett med smil og med kvad,
og selv satt hun høyt i sin sagastol.
med måneskinnskåpen oppunder pol.

Da lød der et «Fremad!» et «fremad! ennu
på fedrenemål og med fedrenehu;
for frihet, for norskhet, for Norge hurra !
og fjellene selv roper langt hurra.

Da løsnet begeistringens rullende fonn,
da døptes vi av hennes mektge ånd,
da stod over fjellet et syn i glød,
som siden oss maner inntil vår død.

Velkommen tilbake, Henrik!

Humor og dikt

Share

I dag kom eg til å lese diktet om Kallen og katten av Jakob Sande. Då slo det meg korleis han klarte å få til humor i diktet. Slike episke dikt, dikt som har ei fortelling, er jo som oftast heller dramatiske eller sørgelige. Det er jo dette diktet også, både dramatisk og sørgeleg. Men det er likevel så humoristisk og glitrande observert at ein i dag nok mest tenkjer på det som humoristisk.

Sjølv har eg også skrive ein del dikt, mest rim, sjeldan særleg djupe tankar. Men eg skulle gjerne hatt evnen til å lage eit dikt med litt humor. Inntil eg frå dei evnene, får eg heller dele diktet av Jakob Sande med dykk som les bloggen min denne gongen.

Kallen og katten

(Dikt, 1945)

Han Simo i Støa og katten
var mette av alder og år,
og båe var redde for vatten,
og båe var mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende
so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggast, kanhende,
å fyrst sende katten i veg.Han prøvde med mange slags greier
frå oljen i pipa til kniv,
men etter som røynde folk seier
har katten fleirfoldige liv.
Han gjorde sitt yttarste, kallen,
på det å bli katten sin kvitt,
til dess han fekk sett seg i skallen
å prøve med blank dynamitt.Han kjøpte patrona på bua
med lunte av likaste sort,
og rusla so heim i den trua
at no var det endeleg gjort.
So henta han katten i hagen
og surra med skjelvande hand
patrona på plass under magen
med tridubbelt snøsokkeband.Han sprang i det same han tende
og skolv endå lunta var lang,
men rekna kje med kva som hende
då katten fekk sjå kor han sprang.
For best som han redd rende frå han
som kua i stivbeint galopp,
var katten i hælane på han
og dansa med lystige hopp.Og kallen vart meir og meir fælen
di meir han såg katten vart kåt,
og katten vart meir og meir kjælen,
di løgnare kallen for åt.
Han sprang som ein ungdom på atten
og skamtrakka vokstarleg gras,
so ingen kan undrast at katten
fann ut det var mykje til stas.

Og kallen låg flat etter reina,
han heldt seg for bringa og bles,
med katten på sprang millom beina
og lunta i rykande fres.
Og lunta vart kortar’ og kortar’,
− han kjende det meir enn han såg,
og kallen sprang fortar’ og fortar’
med kurs for ei løe der låg.

Og det var han Simo i Støa,
tilårskommen, hjulbeint og rund,
han kappsprang med døden mot løa
og slo han med knapt eit sekund.
For midt under hardaste taket
smatt Simo fortumla i ly,
og nett i det same kom braket,
so moldspruten stod som ei sky.

Og døra og litt ut av veggen
dreiv saman med dunder og brak,
og somt fauk i låra og leggen,
men verst vart han skamfaren bak.
Og doktor vart bodsend og presten,
og kallen vart plåstra og smurd
so pass han stod oppatt på resten,
men katten vart aldri meir spurd.

Strikkevettreglar

Share

I kveldens sending i Valle Radio fekk eg høyre om reglar eg ikkje hadde høyrt om før. Det var Lisbeth Dalquist Homme som delte dei med lyttarane:

Strikkevettregler

1. Legg ikke ut på langtur uten nok garn
2. Meld fra hvis du blir borte lenge fra pinnene
3. Vi respekt for garn og oppskrifter
4. Vær rustet med nok garn og strikkepinner selv på korte turer. Ha alltid med en ryggsekk og det utstyr som strikkingen krever
5. Lytt til erfarne strikkefolk
6. Bruk gjerne oppskrifter
7. Strikk gjerne alene
8. Vend i tide. Det er ingen skam å rekke opp
9. Spar på kreftene, grav deg ned i garnmønstrene om nødvendig.

Lisbeth delte reglane på fint nynorsk, eg fann ein bokmålsversjon.

Elles hadde kveldens sending dette programmet:

Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Jørund Georg Jore
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Kjersti Torbjørnsen, biblioteksjef
20.00 Ørnulfs time
– Lisbeth Dalquist Homme med bøker og musikk
– Marianne Rysstad frå Sølvgarden Hotell og feriesenter om mat og musikk
– Sondre Rua Dokken frå DNT Sør og Valle kommune
21.00 Musikk og småprat med Sigrid Kjetilsdotter Jore og Sondre Rua Dokken

Nytt utstyr for teknikar

Share

Det gamle utstyret i Valle radio var vel minst 20 år gammalt, eg veit ikkje kor mykje som vart med frå det gamle studioet i heradshuset til nybygget vårt, der vi er no. Men det har vore ei rivande utvikling i denne tida, radioane har no digitalt utstyr, medan vårt var analogt. Så denne helga tok dei fatt på jobben med å skifte ut teknikar sitt utstyr i radioen. Du som fylgjer Valle radio si facebookside har sett at fleire medarbeidarar har vore i sving.

I kveld var så første sendinga med det nye utstyret. Det er godt å kunne prøve det på ein tysdagskveld, då er det mindre live enn på onsdagskveldane. Siri hadde teke høgde for det i programmet, frå starten av var det meste det vi kallar boksa, det vil seie at det var opptak. Men Postludium med Niklos K. Besteland var som vanleg med programleiar i studio.

Vi fekk eit interessant intervju med PG Stølen i staden for Siris time, Sangtimen var gospelprega, Jan Arvid Nygård kallar programmet sitt for Gospeltrain. Sjølv likar eg betre countyrgospel med Per Govertsen, men variasjon er jo også naudsynt.

Niklos hadde med musikk frå 1600-talet i Tyskland. For meg var nok høgdepunktet i det han presenterte den enkle songen Die güldne Sonne. Den syng eg på enno. Den høvde godt i dag, i alle fall for oss her i sjøkanten, for her har det vore gyllen sol i dag. Og om dei som har vinterferie og er på hytter og feriehus i Setesdal har hatt det like fint, så høvde den sikkert også for dei. Heile programmet finn du på Setesdalswiki, i kveld skal eg bare lage lenke, i staden for å sitere alt saman frå sida der:

Tysdagssending i Valle Radio 20190219