Setesdal og setesdølar

Share

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannesen med seg Knut K. Homme i studio og Torgeir Moseid på telefonen. Temaet var tidsskriftet Setesdal og setesdølar, som Setesdal sogelag gjev ut. No er dei i innspurten på nytt nummer av årsskriftet, som skal kome ut til påske.

Men dei har lite stoff frå øvst i dalen, både Bykle og Valle kunne godt ha levert meir stoff. Det er i grunnen litt rart når ein tenkjer på kor mykje det er å skrive om i dei to øverste kommunane i Setesdal. Kan hende er det nokon som trur at det må vere svært vidløftige artiklar for å få plass, men i sendinga i kveld fekk vi høyre at det godt kan vere korte tekstar også. Kan hende har nokon ei sjølvopplevd hending dei vil fortelje om.

-Kva med dikt og forteljingar, slik som dei har i Jol i Setesdal, spurde Siri

-Vi har snakka om det, og vi vil ikkje ta stoff frå Jol i Setesdal, det må vel vere nok stoff til begge, var svaret.

Dermed er altså ikkje dikt så velkomne i årsskriftet til Setesdal sogelag.

Siste heftet hadde mykje bilete, denne gongen vonar ein å få meir tekst att.