Jordbruksskolenes venner

Share

I posten i dag kom årsmelding for Jordbruksskolenes venner. Det er eit initiativ som bønder på Jæren har teke for å støtte to jordbruksskular på Madagaskar, Tombontsoa, som vart starta i 1965 og Fihaonana, som vart starta i 1983. Tombontsoa har Tomb jordbruksskule i Østfold som vennskapsskule, Fihaonana har Øya vgs i Trøndelag.

Jordbruksskolens venner samla i 2018 inn 592.000 kroner til drifta av dei to skulane som til saman har over 500 elevar på ulike kurs. Ei fyldig årsmelding fortel mykje om arbeidet. Ei slik direkte hjelp til prosjekt i andre land gjev meir informasjon enn ein får om ein støttar misjon generelt. Det eine bør gjerast og det andre bør ikkje vere ugjort.

For det er mykje å ta tak i. Elevane lærer om okse som trekkdyr og har praktisk øving. Plogane er av nylon, jorda klistrar seg til stålet, så det går ikkje. Vi får høyre om svinepest og mjølkeproduksjon, kyllingoppdrett, maisproduksjon og brønngraving.

Vi kan alle vere med i dette prosjektet. Send pengar til 8220.02.85057 og merk gåva med prosjektnummer 723653 eller VIPPS til 513127