Ryddesjau

Share

Når ein held på med prosjektet Setesdalswiki og har som mål å skrive inn overskriftene i Setesdølen, og så får ein periode der ein ikkje skriv, så blir det ein ryddesjau når ein kjem i gang att.

No har eg vore i gang nokre veker og etter kvart fann eg ut at eg hadde att to nummer å skrive inn før 2018 var komplett. Men kor var dei avisene. Det er her ordet ryddesjau dukkar opp.

I 2018 kom det 96 nummer av Setesdølen,  Dei to hadde gøymt seg mellom ein haug med gamle aviser, så eg måtte til å sortere og organisere for å finne dei. Og når ein held på med gamle aviser, er det alltid noko interessant å finne, så det tek litt tid.

Men i løpet av kvelden dukka dei opp og i morgon håpar eg å få dei på plass slik at eg kan avslutte 2018. På grunn av den lange perioden der ryggen ikkje ville spele på lag, vart det mange aviser som som vart liggjande utan å bli skrivne inn. Men no går det mot slutten, og det er bra.

Eg skriv inn overskriftene i Setesdølen, då blir det røde lenker som dannar grunnlaget for leksikonartiklar om mange saker.

I dag runda vi eit nytt hundretal, det var ein datoartikkel som kom på plass då Geir skreiv om hendingar basert på vårprogrammet til Norkirken Evje. Vi speglar det som hender i Setesdal, men stort sett ligg vi bare nokre dagar i forkant. Difor er det fint å få slike oversikter som grunnlag for artiklar på Setesdalswiki. I prinsippet kunne vi også ha dette organisert som lister, men det er flott å få dei dag for dag også.