To diakoner

Share

I Otredal prosti har er det nå to prostidiakoner. Den ene dekker nedre del, den andre dekker de to øverste kommunene. Her er artiklene om dem på Sertesdalswiki:

Helga Victoria Aas Johnsen (født 11. september 1987) er fra 1. januar 2019 ansatt i 70% stilling som prostidiakon i Otredal prosti. Stillingen er et vikariat for et halvt år. Hun er fra Lyngdal, men bor i Vennesla. Hennes arbeidsområde blir fra Vennesla til Bygland.

Hun startet først å studere til bibliotekar på Høgskolen i Oslo. Der tok hun bachelorgrad i 2009. Da hadde hun også jobbet 18 måneder som assistent i Departementenes fellesbibliotek. Så var Helga Victoria Aas Johnsen volontør i Sjømannskirken i London i to år. Deretter jobbet hun som konsulent på Menighetsfakultetet i nesten tre år. Parallelt med dette tok hun først årsstudium i samfunnsfag, deretter en mastergrad i diakoni samme sted i 2014. Masteroppgaven hennes var Utflyttede nordmenn og Sjømannskirken : på hvilken måte bidrar Sjømannskirken til å bevare nordmenns nasjonale identitet? Fra august 2014 var hun diakon i Ringerike menighet i halvannet år. Så kom hun til Sørlandet igjen og ble diakon i Randesund menighet fra november 2016. Etter hvert gikk hun også inn i et vikariat som daglig leder i menigheten der. Men fra juni 2018 til hun begynte i Otredal prosti, var hun hjemmeværende.

Per Emanuelsen (fødd 1951) var prostidiakon i Otredal prosti frå 2002 til 2013, då han gjekk over i tilsvarande stilling aust i Aust-Agder. Han er utdanna sjukepleiar og diakon. Han var landets fyrste prostidiakon då han i september 1984 vart tilsett i stilling i Vest-Telemark prosti. Han vart vigsla til tenesta i Nissedal kyrkje 10. januar 1985. Dette var eit forsøksprosjekt som gjekk til 1990, då ordninga vart permanent. Diakon Eiliv Erikstein overtok stillinga frå 1991. Frå 1990 var Per Emanuelsen tilsett som leiar for «Kontaktsenteret i Kristiansand», eit dagtilbod for menneske med psykiske problem. Frå 1995 var han og leiar for «Pårørendeprosjektet i Vest-Agder». Frå 1997 gjekk dette over til å verte eit permanent tilbod til etterlatte etter sjølvmord i Kristiansand.

Frå 2009 har han vore leiar i styret for Nordtun HelseRehab, eit rehabiliteringssjukehus i Meløy kommune i Nordland. Som hobby tok han til å samle på andaktsbøker, samlinga hans vart etter kvart ganske stor, og når han fekk dublettar, gav han dei bort når han møtte folk som kunne ha glede av dei. I 2013 gav han sjølv ut andaktsboka Omtanker, ei bok med 52 tekstar. Seinare kom Nye omtanker. Som diakon i Setesdal skreiv han ofte små stykker i Setesdølen.

I 2017 gav han ut si tredje bok, Godtanker. Boka handlar om å bry seg, om å la seg begeistre og om å handtere dei vanskelege sidene av livet.

Frå 2019 er han tilbake som diakon i Valle og Bykle i 30% stilling.