I fredagens Fædrelandsvennen var det eit oversyn over turrenn på Agder. I artikkelen fortel Åge Harald Drangsholt at det går nedover med slike arrangement. Lista har åtte løp som framleis går og ni løp som er nedlagde. Sjølv om mange av løpa ikkje er i Setesdal, tenkte eg at det kunne vere interessant å lage små artiklar om dei.
Det var ikkje lett å finne stoff, så framleis er det røde lenker. Eg har heller ikkje prioritert å skrive om arrangørane, det får kome seinare. Men eg har overraska meg sjølv, for dette var nok eit tema eg ikkje var særleg interessert i. Men det er rart kva ein kan finne når ein googlar, så smått om senn er nå dei fleste lenkene blå.
Men Oddersjaarennet har vore vanskeleg å plassere. Eg finn at dei siste åra har det vore arrangert på Hovden, men det har også vore på Bortelid og på Sandrip. Så kor eg skal plassere det i tabellen har eg ikkje bestemt ennå. Her er lista, Drivheia rundt, Myraneløpet, Oddersjaarennet og Sirdal skimaraton er framleis tome:
Turrenn på Agder er ei liste over turrenn på Agder. I tabellen er det med arrangør og eller stad.
Namn | Stad | Arrangør | Første | Siste |
---|---|---|---|---|
Bruskelandsløpet | Marnardal | Marnardal IL | ||
Drivheia rundt | Gjerstad | Gjerstad IL | 2006 | |
Fjellmannsløpet | Vegårshei | Dristug | 1936 | |
Heiløpet | Vegårshei | |||
Hekkfjellrennet | Eiken | 2016 (avlyst) | ||
Himmelsynaløpet | Vegusdal | Otra IL, IL Gry | 1962 | 1999 |
HovdenTour | Hovden | Hovden Sportsklubb | 2012 | |
Høvringen | Høgås skianlegg | Otra IL | 1937 | |
Kallingsheiløpet | Åmli | Dølemo IL, Gjøvdal IL | 1955 | 1980 |
Myraneløpet | Bjelland | |||
Oddersjaarennet | ||||
Røyknesløpet | Øvrebø | |||
Sesilåmi | Valle | Valle IL, Bygland IL, Sirdal IL | 1976 | |
Sirdal skimaraton | Sirdal | Gjesdal IL | 2012 | |
Staveneslåmi | Bykle | Bykle IL | ||
Støyledalslåmi | Bykle | Bykle IL | ||
Toplandsheia rundt | Herefoss | Herefoss IL | ||
Vardeløpet | Vennesla | Vindbjart |
Kjelder
- Åge Harald Drangsholt: Få deltakere – Høvringen nekter å gi seg. Artikkel i Fædrelandsvennen 15. februar 2019 side 51