Nytt utstyr for teknikar

Share

Det gamle utstyret i Valle radio var vel minst 20 år gammalt, eg veit ikkje kor mykje som vart med frå det gamle studioet i heradshuset til nybygget vårt, der vi er no. Men det har vore ei rivande utvikling i denne tida, radioane har no digitalt utstyr, medan vårt var analogt. Så denne helga tok dei fatt på jobben med å skifte ut teknikar sitt utstyr i radioen. Du som fylgjer Valle radio si facebookside har sett at fleire medarbeidarar har vore i sving.

I kveld var så første sendinga med det nye utstyret. Det er godt å kunne prøve det på ein tysdagskveld, då er det mindre live enn på onsdagskveldane. Siri hadde teke høgde for det i programmet, frå starten av var det meste det vi kallar boksa, det vil seie at det var opptak. Men Postludium med Niklos K. Besteland var som vanleg med programleiar i studio.

Vi fekk eit interessant intervju med PG Stølen i staden for Siris time, Sangtimen var gospelprega, Jan Arvid Nygård kallar programmet sitt for Gospeltrain. Sjølv likar eg betre countyrgospel med Per Govertsen, men variasjon er jo også naudsynt.

Niklos hadde med musikk frå 1600-talet i Tyskland. For meg var nok høgdepunktet i det han presenterte den enkle songen Die güldne Sonne. Den syng eg på enno. Den høvde godt i dag, i alle fall for oss her i sjøkanten, for her har det vore gyllen sol i dag. Og om dei som har vinterferie og er på hytter og feriehus i Setesdal har hatt det like fint, så høvde den sikkert også for dei. Heile programmet finn du på Setesdalswiki, i kveld skal eg bare lage lenke, i staden for å sitere alt saman frå sida der:

Tysdagssending i Valle Radio 20190219