Bibeldagen 2019

Share

Denne helga var det Bibeldagen 2019. Det er ein dag der ein markerer omsetting av Bibelen til andre språk. I samband med dette var leiaren for arbeidet i Etiopia, Yilma Getahun i Norge.

I Etiopia er det 105 millionar menneske. 65% er kristne. Dei snakkar 81 ulike språk. Heile Bibelen er omsett til ti språk, deler av Bibeleen er omsett til 17 språk til. No er det i gang 22 prosjekt, og når desse er fullført, vil det framleis vere 32 språk att å omsette Bibelen til. Målet er at minst ein del av Bibelen skal vere omsett til alle 81 språka innan 2025.

For oss som bur i eit land med norsk og samisk, der norsk sine to former kan forståast av alle, er det jo vanskeleg å skjøne kor komplisert dette er. Men i Etiopia lever dei i denne situasjonen, og gleda er stor i kyrkjelydane når dei kan høyre bibeltekstane på sitt eige språk. Inntil det skjer, må dei bruke amharisk eller oromo. Tigrinja er også eit språk som blir brukt i Etiopia, det kunne ein også høyre i Valle, for eritrearane snakkar tigrinja.

80 prosent av folka i Etiopia bur på landsbygda, dei er fattige og har ikkje så lett for å kjøpe sin eigen Bibel.

Alt dette kunne eg lese i ein artikkel i Vårt Land i dag. Så tenkte eg at eg kunne dele den informasjonen med dykk som les bloggen.

Men då eg sjekka litt meir, såg eg at Bibeldagen 2019 eigentleg var sist helg og at artikkelen burde stått i avisa for ei veke sidan om han skulle vore heilt rett plassert. Men det var ein interessant artikkel og temaet er jo aktuelt ikkje bare ein dag.