Politiske lister

Share

No er det snart bare ein månad att for å lage politiske lister til kommunevalet 2019. I annonsar står det at dei må vere inne klokka 12 dagtid 1. april, så dei som har tenkt å lage liste, har no knapt med tid.

Setesdlswiki vil gjerne ha desse listene. Med åra har vi fått lister frå val både i 2011 og 2015. Men vi lurer på kvifor det er så vanskeleg for dei som sender inn lister å sende ei liste til oss i Setesdalswiki. Når vi får lista, kan vi legge den ut utan risiko for feiltasting, som det jo lett blir når vi må skrive av frå avisa.

Setesdalswiki er jo både ei nettavis og eit leksikon, så når ein har noko å kunngjere, er det jo flott om det blir sendt til Setesdalswiki, så kan det kome som ei linje i våre datoartiklar, til dømes. Vi har jo denne sida på Facebook der du kan nå oss, elles er det ei lenke i margen på brukarsida mi der du kan sende meg epost. Det har også Geir Daasvatn, så det burde vere lett å nå oss. harhaugl at gmail.com tek gjerne imot politiske lister frå partia.

Sjølvsagt tek vi imot anna stoff også, det er flott når vi får innspel til artiklar eller oppdatering av artiklar vi alt har. Bli med på dugnaden, det er mange som finn nyttig stoff på Setesdalswiki. Dei finn det fordi nokon har delt det slik at det har blitt artikkel.