Hylestad skule

Share

I kommunestyremøte i Valle i dag vart det vedteke å legge ned Hylestad skule frå sommaren 2019. Den blei etablert i 1958 og erstatta då grendeskulane i Hylestad. Det siste året har om lag 40 elevar gått på skulen. Dei vil frå neste år måtte ta bussen til Valle.

I debatten vart det lagt vekt på at dei der ville få eit større miljø, noko som politikarane meinte ville vere godt for sosial læring.

Sjølv hadde eg gleda av å vere rektor på Hylestad skule eit år, det var eit fint år. I fleire år budde vi som næraste nabo til skulen og hadde ingen problem med det. Skulen har vore ein viktig faktor i bygda, ikkje minst har gymsalen vore ei kjelde til glede for mange. I komunestyret kom det også forslag frå Knut Haugland om å ikkje overføre den til ny eigar, men det forslaget fall. Denne problematikken var også teken opp i eit lesarinnlegg i Setesdølen av Torstein Bjørgum.

Ein faktor som nok gjorde det lettare enn det elles hadde vore, var at Setesdal folkehøgskule no vil få ein plass. Skulen har godkjenning for 70 elevar og satsar mellom anna på motorsport og folkemusikk. Ikkje minst tanken om å få folkemusikk på folkehøgskulen i ei tid der ein arbeider for å få folkemusikken inn som immateriell kulturarv, vart det peika på at det kunne vere strategisk viktig at skulen fekk betre lokalar. Alle var glade for at nedlegginga ikkje førte til tome bygg, då ville nok forfallet kome ganske snart.