Norges Bebyggelse

Share

I arbeidet med Setesdalswiki har eg mange gonger tenkt at eg skulle hatt bokverket Norges Bebyggelse, Aust-Agder, vestre del. Eg kan slå opp i boka på Nasjonalbiblioteket, men det ville vore lettare med papirbasert bok slik at eg slepp problemet med å leite på dataskjermen. Men i Bokbyen Tvedestrand hadde dei denne boka frå 1954 til ein pris av 2400 kroner, og det meinte eg var i meste laget.

-Du kan jo spørje på facebook, sa Reidun.

Men det har eg ikkje gjort, om nokon i Setesdal har boka, vil dei nok helst ha henne sjølv, Det er ei god oppslagsbok både for når eit hus er bygd og når folk er fødde.

Men denne veka fann eg henne til ein overkommeleg pris på eit antikvariat i Trondheim. Dei har hjelpt meg før på Wangsmo antikvariat, så eg sende inn bestilling, og i dag fekk eg boka. Eg trur nok at ho har høyrt til nokon som har hatt interesse av Bygland, for det er dei sidene som er lause, slik det gjerne går når sider blir mykje brukt.

Men her kan eg leite i hus i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Iveland og fleire andre kommunar slik stoda var på 1950-talet. Mykje er jo endra sidan den gongen, men til nytte veit eg at boka vil bli.